Eitranes

roman

av (forfatter) og Anderz Eide (oppleser).

Aschehoug 2022 Lydfil

Gjennomsnittlig terningkast: 4.60 (5 terningkast.)

19 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Halvard Bergstø veks opp som eldste son av ein smelteverksarbeidar, men snur ryggen til farsarven og flyktar til ein akademisk karriere. Som stipendiat er Halvard besett av tanken på å komma seg vekk frå heimstaden Eitranes og smelteverket. Frigjeringa er alt anna enn enkel, til slutt bryt han saman under tyngda av sine eigne ambisjonar og vender heim for å finna nytt fotfeste. Med broren Vidar som vegvisar finn han vegen inn til ein arbeidarkultur som han ikkje visste fanst. Gjensynet med broren, heimbygda og smelteverket blir eit gjensyn med eiga historie. Tydelegare enn nokon gong ser han verdiane, haldningane og kunnskapane som blei skrive inn i han då han voks opp. Eitranes er ein drivande eksistensiell roman om klasse, seksualitet, reiser, flukt, sosiologi og raseri. Ikkje minst er det ein roman om den lange vegen heim. Den gjer synleg og anerkjenner dei som bygger den grunnmuren som samfunnet vårt kviler på. «Seljestad er på sitt aller beste når han henter kraften fra de tapte arbeidsfellesskap og slenger den tilbake mot samtidens etablerte sannheter med full argumentativ kraft. Det er nettopp i forlengelse av Blind at Seljestads nye roman Eitranes bør leses.» Joakim Randa Berthelsen, BT «... romanen fungerer nærmest som en oppsummering av de siste femten årenes diskusjoner om industri, klassespørsmål, eliter og vanlige arbeidsfolk.» Bjørn Ivar Fyksen, Klassekampen «Det kan seiast mykje godt om Eitranes, tittelen til dømes. Eller vi kan rekna opp episke høgdepunkt romanen igjennom, heilt frå den meisterleg skildra, nervepirrande turen på autobahn mot Bremen dit hovudpersonen Halvard Bergstø med kjernefamilien i bilen og forskarstipend i lomma nå er på veg. (...) Det er alt saman pinefullt og minneverdig skildra.» Jan Askelund, Stavanger Aftenblad (Terningkast 5) «En roman med et så tydelig budskap, kunne fort blitt dårlig. Det blir Lars Ove Seljestads Eitranes ikke. Seljestad går langt inn i materien når han stiller ut smelteverkets funksjon i bygda, og kostnadene moderniseringen av industrien har hatt for menneskene som er tilknyttet det. Med Eitranes hamrer Lars Ove Seljestad inn sin fortelling om konsekvensene av samfunnsutviklingen, og viser oss hva som er blitt borte på veien.» Ida Vågsether, Morgenbladet

Bokdetaljer

Forlag Aschehoug

Utgivelsesår 2022

Format Lydfil

ISBN13 9788203393167

EAN 9788203393167

Språk Nynorsk

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

1 2 1 1 0 0

Bokomtaler

Sjette boka av Seljestad. No går han etter mi meining på tomgang. Han har skrive om alt dette før. Om oppveksten og foreldra, broren, fabrikken, Bremen og alt det andre han brukar 500 sider på i Eitranes. Fyrste 30 sidene handlar om at han, kona og dei to borna tek båt og køyrer inn til Bremen, så 10 sider om at dei tok feil av etasjane der dei skulle bu, så avsnitt om universitetet i Bremen, avbrote av tilbakeblikk til oppveksten i Eitranes (Odda), og slik held det fram. Dei to beste bøkene av Seljestad er Isberg og Snøen stryk ut alle spor, der han ikkje grev seg ned og forvillar seg inn i eige liv og endringar. Både i Fjorden og Kjære, bror får vi vite om Seljestad sin oppvekst, om familien, fabrikken og generelt korleis det var å vekse opp i Odda, og desse to bøkene likte eg, og dei er begge to svært personlege. Men nok er nok. Det slår meg at Eitranes er meir ei øving for forfattaren sjølv enn det er ei bok å lese for den som alt har vore gjennom 5 av dei føregåande bøkene til Seljestad.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

19 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket

Lister som inneholder dette verket

Oppdateres løpende


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "Avsporingar - pre- og postapokalyptiske noveller" av Gaute M. Sortland
  • "Finans" av Martin Svedman
  • "Bare en jobb" av Ole Thorstensen
  • "Ta hand om deg - roman" av Lars Ove Seljestad
  • "Habeas corpus - roman" av Kjartan Fløgstad
  • "Mørkerom - roman" av Mette Karlsvik
  • "Seg til inkjes - roman" av Lars Svisdal
  • "Gratulerer med dagen - roman" av Maria Horvei
  • "25. september-diktene - dikt" av Joakim Kjørsvik
  • "Mannen fra Milano - roman" av Marit Tusvik
  • "Hjerteskog - kvenske dikt" av M. Seppola Simonsen
  • "Forlattheten" av Elisabeth Åsbrink
Alle bokanbefalinger for dette verket