Omtale fra forlaget
Historiske noveller basert på runeinnskrifter
Fiskaren Ragnar dreg opp eit garn som aldri blir tomt for fisk. Havgrim kløyver skallen til Harald med øks og blir lyst fredlaus. 11 år gamle Eidunn blir send vekk frå familien for å gå i lære i nonneklosteret, mens tannknekkaren Bergsveinn minnest Bergtora, som valde å bli dødeleg for kjærleiken sin til han.
Novellene i denne boka har ei historisk runeinnskrift som førelegg. Innskriftene stammar frå 1100-1200-talet og varierer mellom enkle beskjedar, merkelappar og kjærleikserklæringar til nidskrifter og magiske formular. Aina Basso pustar liv i menneska og mellomaldersamfunnet, ei tid som er ganske ulik vår eiga, men der sorgene og gledene til menneska vi møter, likevel minner om våre.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2023
Format Innbundet
ISBN13 9788234007521
EAN 9788234007521
Genre Historisk litteratur
Omtalt tid Høymiddelalderen
Språk Nynorsk
Sider 155
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Alle novellene er gode, ofte røyver dei ved kjenslene, og viser skjebner og liv i ei tid då dei altså rissa runer i trepinnar og det meste var annleis. Samstundes var mykje det same: Liv, død, kjærleik, skjebne, tru og håp. Eit levande språk på fin nynorsk. Veldig god bok.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket19 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket