Eg hadde ikkje orka Gud utan Jesus

seks samtalar og eit isbad med biskop Kari Veiteberg

av (forfatter).

Samlaget 2021 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.67 (3 terningkast.)

8 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Kari Veiteberg er den første kvinnelege biskopen i Oslo. Og ho er det i ei underleg tid. For no herjar koronaen, naturen kollapsar, klimaet blir endra, fundamentalistar krigar, det offentlege ordskiftet hardnar, og det blir stadig fleire flyktningar. Noreg er eit av dei mest sekulariserte samfunna i verda, men har trua noko å gje oss i krise og kvardag som vi ikkje finn andre stader? I så fall kva? Kva trur biskopen i Oslo sjølv? Og kven er ho?

I denne boka snakkar Veiteberg om alt dette. Om eigen oppvekst, om å vere kvinne og prest, om ei kyrkje og ei verd i endring, om himmel og håp og det heilage. Veiteberg er kjend for sitt sterke sosiale engasjement, ho har jobba blant uteliggjarar og rusavhengige, og som biskop opna ho ei kyrkje nattetid for heimlause.

Biskopen i Oslo fyller 60 år i 2021. Då er det også 60 år sidan den første kvinnelege presten vart ordinert i Den norske kyrkja.

Kari Veiteberg (f. 1961) er biskop i Oslo. Ho er frå Stord, har doktorgrad i teologi og mellomfag i teatervitskap. Ho har skrive fleire artiklar og bøker, mellom anna Bibelens kvinner og Evas døtrer. Ho har vore synleg som prest og biskop i både radio og TV, ho har jobba både som prest i Kirkens Bymisjon og undervist i ulike teologiske emne.

Sigri Sandberg (f. 1975) er journalist, prestedotter og agnostikar. Ho har jobba for norsk presse i over 20 år og gjeve ut 15 bøker, flest om natur, klima og menneske..

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2021

Format Innbundet

ISBN13 9788234004414

EAN 9788234004414

Genre Personlige beretninger

Omtalt person Kari Veiteberg

Språk Nynorsk

Sider 154

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 2 1 0 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ja, for livet er ikkje slik at det finst spørsmål og svar, spørsmål og svar, med to strekar under svaret. Livet er vanskeleg, for alle. Men eg trur det er mogleg med ei forankring i det sårbare, undrande og ufullkomne.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Og ja, dei gjer meg arg, desse kristne som løftar bibelboka og meiner at det ordet ekteskap som står omtalt der, er slik ekteskapet skal og må vere i 2020. At ein må tenkje så svart -kvitt, lukke i staden for å opne og stemple det ein ikkje forstår.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Du vil kanskje også like

  • "Din vilje skje - en oppvekst med karismatisk kristendom" av Anne-Britt Harsem
  • "Alene ut - fra menigheten Samfundet til evig fortapelse" av Bjørn Markussen
  • "Olavs draumar - forteljing" av Jon Fosse
  • "Hvordan elske en far - og overleve" av Vetle Lid Larssen
  • "Familien på Gilje" av Jonas Lie
  • "Abida Raja - frihetens øyeblikk" av Håkon F. Høydal
  • "Elizabeth er borte" av Emma Healey
  • "Noe tapt og noe vunnet" av Tara Westover
  • "Det som ventet meg" av Parinoush Saniee
  • "Kongens hjerte - roman" av Gaute Heivoll
  • "Knerten gifter seg" av Anne-Cath. Vestly
  • "Britt-Marie var her" av Fredrik Backman
Alle bokanbefalinger for dette verket