Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka tek for seg Hetlesaka, eit av dei verste justismorda i Norgeshistoria. I 1907 vart far og son Mikal og Ole Hetle frå Viksdalen i Sunnfjord dømde for å ha drepe naboen Henrik Hetle. Det til tross for at det var stor uvisse om den eigentlege dødsårsaka. Men bygda kokte av mistankar og rykte, og to dokterar og ein professor konkluderte med at det måtte ha skjedd eit drap. Mikal og Ole laut sone i sju år. Kampen for frikjenning skulle verte årelang, og først under andre verdskrigen vart Mikal og Ole frikjende. Då hadde Mikal vore død i 12 år. Har litteraturliste.
Omtale fra forlaget
I 1907 vart Mikal og Ole Hetle, far og son, frå Viksdalen i Sunnfjord dømde for å ha drepe naboen Henrik Hetle, trass i stor uvisse om den eigentlege dødsårsaka, og trass i at to statsadvokatar først hadde gått inn for å leggje bort saka. Men bygda kokte av mistankar og rykte, og to dokterar og ein professor konkluderte med at det måtte ha skjedd eit drap. Mikal og Ole laut sone i sju år. Kampen for frikjenning tok til straks dei vart dømde, men skulle verte årelang. Forfattarar, dokterar, juristar, journalistar mange andre engasjerte seg. Først under andre verdskrigen kom saka opp att, og Mikal og Ole vart frikjende. Mikal hadde då vore død i 12 år. Hetlesaka inneheld alle ingrediensane i ei kriminalhistorie, utan den viktigaste: sjølve mordet. Men Hetlesaka er forteljinga om eit anna mord - justismordet, eit av dei verste i Norgeshistoria.
Forlag Selja forlag
Utgivelsesår 2006
Format Innbundet
ISBN13 9788291722634
EAN 9788291722634
Omtalt tid 1900-1914
Omtalt sted Sogn og Fjordane
Språk Nynorsk
Sider 135
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket6 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verketHer samlar eg dei bøkene eg har i bokhylla mi. På denne måten kan eg sjølv få oversikt over kva eg har lese og kva som bør lesast før eg tar av hos bokhandlaren. Pensumbøkene tar eg ikkje med;)