Omtale fra forlaget
Jan-Magnus Bruheim (1914 - 1988) frå Skjåk i Gudbrandsdalen debuterte i 1941 med diktsamlinga "Stengd dør". Han gav ut 45 bøker, mest lyrikk og barnebøker, men også prosabøker. Dette utvalet inneheld dikt frå alle lyrikksamlingane, i tillegg til eit utval av barnedikta. Boka har også fleire artiklar og mange flotte bilete.
BREVET
Eg sit i kveld og skriv til deg
og kjenner orda spire.
Men enno står det berre eitt
og lyser på papiret.
Eit "
"kjære"
" berre, står det her.
Eg må vel finne fleire?
Men vide flakkar tankane,
som fuglar kringom reiret.
Det er så mangt eg skulle sagt -
Fortenkt eg sit ved bordet
og tenkjer: kanskje er det nok
med dette eine ordet.
Eg ynskjer deg - kvarhelst du bur
langt burte eller nære,
at du kan kjenne varmen frå
det vesle ordet: Kjære
Forlag Skjåk kommune
Utgivelsesår 2014
Format Innbundet
ISBN13 9788299954303
EAN 9788299954303
Språk Nynorsk
Sider 312
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket8 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verketI hyllene mine finst der ein del bøker som nesten - men berre nesten - eg er åleine om å ha. Lurer ofte på kvifor.....Og nokre av dei burde kanskje fleire hatt gleda av??