Omtale fra forlaget
Marie Takvam er ein kjær diktar blant mange lesarar. Heilt sidan debuten i 1952 med Dåp under sju stjerner har ho vore eit kraftfullt sentrum innanfor den norske lyrikken. Diktninga hennar tar opp tema som kjærleik, barndom og aldring. Og mykje anna. I Samlede dikt (1952.1997) er alle diktsamlingane hennar samla, og boka viser utviklinga i forfattarskapen og speiler ulike sider ved lyrikaren Takvam.Med etterord av Torunn Borge og Henning Hagerup. Marie Takvam blei fødd 6. desember 1926. Ho vaks opp i Ørsta på Sunnmøre, men flytta til Oslo som ung. Ho var berre 25 år da ho debuterte som lyrikar, og sidan ga ho ut ei rekkje diktsamlingar. Takvam har dessutan skrive barnebøker og for Barnetimen for de minste, samt romanane Dansaren (1965) og Brevet frå Alexandria (1981). Ho har òg spelt hovudrolla i Vibeke Løkkebergs film Åpenbaringen frå 1977.
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 2004
Format Heftet
ISBN13 9788205325487
EAN 9788205325487
Serie Gyldendal pocket
Språk Nynorsk
Sider 284
Utgave 1
Tildelt litteraturpris Melsomprisen 1998 Nynorsk litteraturpris 1997
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketEg ville kjærteikne
men då eg la hendene mine
over panna og auga til den eg elska
blinda eg han.
Tale ved båra til ein vestlandssmåbonde
Far verka oftast glad.
Derfor burde eg ikkje stå her å gråte.
Eg hugsar kalde vintermorgnar då vi var små
at vi høyrede han synge medan han kveikte i omnen
så kunne vi stå opp.
Han kunne ikkje synge, men han sang.
Han hadde aldri ferie.
Arbeidsdag frå tidlige morgon
til langt på natt.
Sovna ofte over avisen før han la seg.
Det var for oss han streva,
men vi reiste bort. Slik måtte det vere.
Det er ikkje levebrød for oss i Hjørundfjorden.
Vi kom på avstand i samtalar også.
Skolane la ord og tankar i oss
som ikkje høyrde dalen til.
Vi gløymde namn på fe-rasar og potetslag,
kunne ikkje styra dei nye maskinene.
Han song ikkje so ofte etter at vi reiste.
Det er for seint å takke.
Eg vil berre legge kransen på båra
fra oss tretti.
Fem barn med ektefeller og tjuge barnebarn.