Omtale fra forlaget
Kampen for ein samisk stat etter ein skandinavisk krig. Frigitt etter den skandinaviske krigen flyttar Raisa og dottera Násti til Finnmark for å leve etter gamle samiske tradisjonar. Mor og dotter prøver å bli ein del av fellesskapen i ein sameleir i Karasjok. Samtidig flyttar samar frå heile verda til Finnmark og skaper ein samisk stat. Den nye staten blir straks angripen av Noreg, Nord-Noreg, Finland og Russland. Raisa må kjempe i krigen for å verje det nye landet sitt og dottera. Men vala ho tek for å halde dottera trygg, skaper stadig større avstand mellom dei.
Tharaniga L. Rajahs debutroman er lagd til ei alternativ norsk verkelegheit, etter at Noreg har utsett samar for utreinsking. Det er ei original forteljing om terror, identitet og samhald.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2018
Format E-bok
ISBN13 9788252194869
EAN 9788252194869
Språk Nynorsk
Sider 301
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Debutant som er nominert til P2-lytternes romanpris i 2019. Ei svært spesiell bok om Raisa som reiser til Finnmark for å vera med på oppbygginga av den nye staten Davinasti med dottera Nasti etter å ha sitte i nordmennenes fangeleir på Falstad i N-Trøndelag. Det er krigstilstand mellom nordmenn og samar, og stormaktene er også blanda inn: Boka er skriven på nynorsk iblanda ein god del nordsamisk ( ordliste bak!), noko som gjer at lesaren må jobbe ganske mykje for å koma inn i handlinga.
Boka kan nok også lesast som ein allegori over mange slags krigar, nærliggande er å tenke på borgarkrigen mellom tamilar og srilankesarar, Palestina/Israel, tidlegare Jugoslavia.
Da eg kom inn i boka, vart ho lesverdig, men på den negative sida må noterast at karakteren Raisa blir for lite levande for oss.
Trur ikkje dette er vinnaren i år, men eg spår at Rajah kjem sterkare tilbake, her er lovande taktar ndg språk og idear,
For meg var det gjevande å bli lit kjent med samisk kultur og språk, og eg vil gjerne lære meir
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket38 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket