Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Debutant som er nominert til P2-lytternes romanpris i 2019. Ei svært spesiell bok om Raisa som reiser til Finnmark for å vera med på oppbygginga av den nye staten Davinasti med dottera Nasti etter å ha sitte i nordmennenes fangeleir på Falstad i N-Trøndelag. Det er krigstilstand mellom nordmenn og samar, og stormaktene er også blanda inn: Boka er skriven på nynorsk iblanda ein god del nordsamisk ( ordliste bak!), noko som gjer at lesaren må jobbe ganske mykje for å koma inn i handlinga.
Boka kan nok også lesast som ein allegori over mange slags krigar, nærliggande er å tenke på borgarkrigen mellom tamilar og srilankesarar, Palestina/Israel, tidlegare Jugoslavia.
Da eg kom inn i boka, vart ho lesverdig, men på den negative sida må noterast at karakteren Raisa blir for lite levande for oss.
Trur ikkje dette er vinnaren i år, men eg spår at Rajah kjem sterkare tilbake, her er lovande taktar ndg språk og idear,
For meg var det gjevande å bli lit kjent med samisk kultur og språk, og eg vil gjerne lære meir

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Ingvild SMonica CarlsenAlice NordliChristoffer SmedaasRoger MartinsenTove Obrestad WøienSigrid Blytt TøsdalBjørg Marit TinholtTrude JensenkntschjrldHanne Kvernmo RyeLene AndresenLeseaaseSissel ElisabethTurid KjendliemgeelmeKjerstiFindusGrete AastorpBerit RStine SevilhaugTherese HolmBeathe SolbergHarald KMads Leonard HolvikKirsten LundPrunellaLailaIngunn SHelena ETine SundalEli Hagelundritaolineingar hKarin BergLars Johann MiljeJarmo LarsenBjørg  FrøysaaEllen E. Martol