Omtale fra forlaget
Almanakk for Noreg har eksistert sidan 1644 og har i fleire hundre år vore umissande i norske heimar.
Årets utgåve inneheld som vanleg kalendarium med merkedagar, oversikter over astronomiske og meteorologiske forhold, reglar om jakt, fangst og fiske, hundreårsminne, ei minneliste og oversiktskalender for dei næraste åra. Her finst òg plansjar over solhøgd i ei rekkje norske byar, planeten Jupiters månar og tabellar for oppgangsog nedgangstider for planetane. Planeten Neptun er inkludert frå denne utgåva. Det er dessuten tatt inn ein ny figur som viser lysstyrken til planetane.
Tabellar for Solas og Månens deklinasjon er igjen med i Almanakken, i tillegg til at dette vert framstilt i form av figurar.
Årets temaartikkel, Tonalitetskrisa i musikken, er skriven av Arnulf Christian Mattes, førsteamanuensis og leiar for Senter for Griegforsking, Universitetet i Bergen.
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 2019
Format Heftet
ISBN13 9788205531239
EAN 9788205531239
Språk Nynorsk
Sider 168
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket8 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket