Omtale fra forlaget
Skattkiste frå Noregs satiredronning!
Agnes Ravatn er ein av Noregs mest morosame og originale skribentar. Her finn du eit rikt utval av Ravatns vittigaste og skarpaste tekstar gjennom femten år.
Vi får bli med Ravatn til konsultasjon hos ein plastikkirurg, til rettleiing i Scientologikyrkja, på bli-ny-dag, og følge henne i jakta på raske pengar etter ein vond baksmell på skatten.
Gjennom eit mangfald av emne, om alt frå norsk valkamp og (eiga) pornoavhengigheit til konsentrasjonssvikt og livet på bygda, gir Ravatn oss eit friskt perspektiv på moderne kultur og samfunn.
Ravatn har eit observant, underhaldande og kritisk blikk på både politikk og kvardagsliv. Tekstane er tankevekkande og lattervekkande, like sjølvkritiske som samfunnskritiske.
«Det finnes allerede et før og etter Agnes Ravatn i norsk essayistikk», uttalte Morgenbladets jury då dei kåra ho til ein av Noregs beste forfattarar under 35 år.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2024
Format Heftet
ISBN13 9788234013867
EAN 9788234013867
Språk Nynorsk
Sider 299
Utgave 2
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Agnes Ravatn innfrir som alltid. Hun er morsom,ironisk og skarp med sitt skråblikk på det norske samfunnet. En fornøyelse!
Les omtalen min her.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketEg har sjølvsagt aldri vore nokon sunnheitsapostel. Eg er for forfengeleg til å la alt rakne fullstendig, men altfor lat til å halde eit strengt trenings- og kosthaldsregime. Slik eg ser det, er ikkje poenget med å trene og ete sunt å bli sterk og slank, men å vege opp for rangling og fest, slik at det er muleg å halde fram utan å ta altfor mykje skade av det.
Eg veit jo at rus og fedme er både store personlege belastningar og ei stor samfunnsøkonomisk utgift, og det skal ein ikkje ta lett på. Men det same kan ein seie om dyre kneoperasjonar grunna altfor mykje jogging på asfalt.
(...) På gravsteinen min skal det stå: Her kviler ein passe nøgd støttemedlem på Sats.
46 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket