Ingen lesedato
Omtale fra forlaget
Forlag Aschehoug
Utgivelsesår 2015
Format E-bok
ISBN13 9788203360046
EAN 9788203360046
Språk Nynorsk
Sider 172
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
"Kven er redd?", Carl Frode Tiller
Eg er glad i bøker med gode dialoger. Dialoger som vender stemning og handling. Ikke sånt tørrpreik for å forklare og tette hol i forteljinga. Dialoger skal bygge eller såre. Tiller er god på dette. Han er særs god på å skape dårlig stemning ut av nær sagt ingenting. Dei som har lese Innsirkling har opplevd det.
Forteljinga her er eit teaterstykke om ein skodespelar som førebur seg på å spele hovedrolla, George, i "Kven er redd for Virginia Wolf". Han prøver ut rolla heime, så godt at det nesten tippar over når det toppar seg. Tiller er god. Pinleg god på å dra opp dagligdagse små hendingar mange av oss har offa over, sånn at ein av og til kan gripe seg i at "dette kunne eg og ha sagt, men sa det heldigvis ikkje".
Nokon av oss skjønner ikkje kor lite ein faktisk treng å vete før dei veit altfor mykje. Og eg trur kanskje at eg er ein av dei.