Poesiar

etter Henrik Wergeland

dikt

av (forfatter).

Samlaget 2016 Heftet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.60 (5 terningkast.)

19 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Steinar Jøsoks eksemplar av Poesiar - etter Henrik Wergeland

Lesetilstand

Har lest denne

Hylle

2016

Lesedato

Ingen lesedato

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Ingen terningkast

Min omtale

Se min omtale

Omtale fra forlaget

Fosse i dialog med Wergelands dikt

Då Jon Fosse i 2011 flytta inn i Grotten hadde han ikkje lese meir av Henrik Wergeland enn litteraturintesserte nordmenn flest. Han gjekk i gang med å lese meir både om og av den tidlegare Grottebuaren. Fosse vart imponert over kor uhorveleg mykje Wergeland hadde skrive og feste seg særleg ved lyrikken hans. Fosse las og noterte sitat og anna i margen attmed dikta til Wergeland. Desse notata er utgangspunktet for denne samlinga.

Jon Fosse har skrive eigne dikt ut frå det han har teke med seg frå Wergelands lyrikk. Dette er skrift over skrift. Det er noko frå Wergeland i alle dikta som her er samla, hulter til bulter, frå fleire dikt i eitt dikt, mykje i eit dikt, lite eller nesten ingenting i eit anna.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2016

Format Heftet

ISBN13 9788252190205

EAN 9788252190205

Språk Nynorsk

Sider 84

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

1 1 3 0 0 0

Bokomtaler

Jon Fosses bok “POESIAR etter Henrik Wergeland” er blitt en skatt av ei diktsamling. Under lesningen trenger et dikt av Tor Jonsson seg fram:

Fattig ynskje

Var eg ein Gud,
ville eg skapa
ei stillare verd.
Der skulle alle elske.

Var eg ein Gud,
ville eg skapa
kjærleik og død,
berre kjærleik og død.

Jon Fosse tar oss med inn i Wergelands univers av stjerner, tårer, engler og svarte bølgjer og lar oss dvele der i “ei sky av noko som vart til fred.”

HO MÅ BERA HAN HEIM

og derifrå til himmelen
lik ein engel

å det er som om eit stilt
lummert regn
fall i hjarta mitt

og som om steinen
i smerta mi
sorga mi
løyste seg opp
i velsigning
og tekte berga
med ei sky av noko
som vart til fred.

IKRING OSS, ELSKTE, ER DEI

glade skuggane
så hald meg fast
i dine armar

for engelen har spreidd ut
sitt kjælne nærvær

og snart klagar det så ømt
så ømt
at det kan få gleda
til å gråta

å, du milde søte regn
hald fram

hald fram

DEI GAMLE STJERNER

såg kloten vår
verta til

Og evig klår er himmelen

Og landet søkk medan havet lyfter seg opp
friare enn fuglen

og med storm flyg eg bort
over bølgjers brytande skavlar
og høyrer ved havsens botn
jordklotens hjarta slå

Godt sagt! (3) Varsle Svar

"Poesiar etter Henrik Wergeland", Jon Fosse.
Likar Fosse eg, det er ikkje det, men det her skrift over skrift opplegger, kor Fosse diktar opp på noko av det Wergeland har laga - og me veit ikkje kva som er av kven - det fungerte ikkje for meg.
Rett og slett kjedelig. Fann heller ikkje rytmen i det han skreiv. Den har eg funne tidlegare, men no halta eg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Synst den omlag første halvdelen eller litt meir fungerte fint, med fin rytme og klåre bilete. Etter kvart blei det etter min smak for mykje om Gud samstundes som ordsamansetningane blei meir haltande og diffuse.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

….
og latteren er den storm
som spring på havet
med kvite sandalar

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

Bøker som er lest i 2019.


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "Yahya Hassan 2 - dikt" av Yahya Hassan
  • "Poesibok" av Naja Marie Aidt
  • "Slik natten er - fortellinger fra Aleppo" av Niroz Malek
  • "Fettere & kusiner" av Kristian S. Hæggernes
  • "Refrenger - tekster om stemmer og avtrykk" av Pedro Carmona-Alvarez
  • "Samtaler med onkel Nica og tante Viola" av Pedro Carmona-Alvarez
  • "De fattiges krig - en historie" av Éric Vuillard
  • "Kart over Canada - noveller" av Dorthe Nors
  • "Raudt, svart" av Jon Fosse
  • "Jeg føler meg uvel - en roman om døden" av Ole Robert Sunde
  • "Stein til stein - 39 dikt og 1 salme" av Jon Fosse
  • "De lemlestede - roman" av Hermann Ungar
Alle bokanbefalinger for dette verket