Nynorsk lyrikk

25 diktarar - 220 dikt

av (redaktør).

Selja forlag 2009 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 6.00 (2 terningkast.)

14 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Rita-Elin Kleivens eksemplar av Nynorsk lyrikk - 25 diktarar - 220 dikt

Lesetilstand

Ingen lesetilstand

Hylle

Lyrikk

Lesedato

Ingen lesedato

Favoritt

Favoritt!

Terningkast

Min omtale

Ingen omtale


Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Boka inneheld 220 nynorske dikt. I tillegg inneheld boka korte biografiar av dei 25 diktarane som er med i utvalet.

Omtale fra forlaget

Denne boka inneheld høgdepunkt frå nynorsk dikting gjennom over hundre år. Her er Gamle Norig av Ivar Aasen, Vaaren av Vinje og Vesle Lerka av Sivle. Og Eolsharpa av Jakob Sande, Ord over grind av Halldis Moren Vesaas og Sanningi av Olav H. Hauge. Her er 220 dikt i alt, og i tillegg korte biografiar om alle dei 25 diktarane som er med i utvalet. I boka finn du kloke, gode og tankevekkjande ord. Du finn alvor og skjemt, visdom og varme, og ord til høgtid og kvardag. Alle dikta er originaltekstar, det vil seie i den målforma diktarane sjølv skreiv dei. Bli med på den store nynorske diktreisa! Dei som er med: Ivar Aasen, Aasmund. O. Vinje, Elias Blix, Kristofer Nagel Janson, Arne Garborg, Per Sivle, Anders Hovden, Anders Vassbotn, Sven Moren, Henrik Rytter, Kristofer Uppdal, Olav Aukrust, Olav Nygard, Tore Ørjasæter, Ragnvald Vaage, Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas, Ragnvald Skrede, Jakob Sande, Halldis Moren Vesaas, Olav H. Hauge, Aslaug Låstad Lygre, Halvor J. Sandsdalen, Jan-Magnus Bruheim, Tor Jonsson

Bokdetaljer

Forlag Selja forlag

Utgivelsesår 2009

Format Innbundet

ISBN13 9788282400107

EAN 9788282400107

Språk Nynorsk

Sider 340

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

2 0 0 0 0 0

Bokomtaler

Lyriske perler

på nynorsk...

Sidan 2013 er jubileumsår for Ivar Aasen, kan denne diktsamlinga – redigert av Henrik Skorven vere verdt å bruke litt tid på......
Skorven presenterer ei rekkje høgdepunkt av nynorske diktarar – 25 i alt..
Kvar sekvens vert innleia av ein kort biografi der diktaren og hans interesser vert presentert. Dikta er skrivne i den målforma som rådde då dei vart publiserte – og er derfor kanskje ikkje alltid like lette å forstå... Skorven påpeikar elles i føreordet at boka kan brukast til meir enn diktoppleving: Vi kan gjerne sjå på innhaldet som ei forteljing om utviklinga av det såkalla «landsmaalet»....

Ivar Aasen er sjølvsagt med, i tillegg til Aasmund Olavsson Vinje, Arne Garborg,Tarjei Vesaas, Jacob Sande, Olav H. Hauge med fleire.
Berre tre kvinner har fått plass; Aslaug Vaa, Halldis Moren Vesaas og Aslaug Låstad Lygre som er ansvarleg for ma Vi skal ikkje sova:

Vi skal ikkje sova bort sumarnatta.
Ho er for ljos til det -
Då skal vi vandra isaman ute
under dei lauvtunge tre.

Samlinga inneheld mange nynorske, lyriske godbitar – og har i tillegg ei vinkling som burde interessere om ein er oppteken av språkutvikling. Då får ein berre prøve å oversjå at layouten ikkje er optimal.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

VEIT DU EI KJELDE

Veit du ei kjelde i frosne skogen,
veit du eit hjarta som i einsemdi
vaker og flør?
Der du kan kvila og drikka deg utyrst,
spegla di armod og pussa
di pjuskne fjør?

Olav H Hauge

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Og Mennerne Hærkleder paa seg tok,
og Skjold og Øks dei lyfte fraa Krok,
dei hekta i Belte sitt goda Sværd,
treiv Spjot og Boge og skunda til Ferd.
For kom det deim, vilde Noreg herja,
so fannst der og deim, som vilde det vergja.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Du vil kanskje også like

  • "Nordlands trompet" av Petter Dass
  • "Lyrikkens liv - innføring i diktlesning" av Christian Janss
  • "Cosa Nostra - historien om den sicilianske mafiaen" av John Dickie
  • "Heftige bånd" av Vivian Gornick
  • "Sjakknovelle" av Stefan Zweig
  • "Barndommens gate - roman" av Tove Ditlevsen
  • "Ukjent soldat" av Väinö Linna
  • "Dikt i samling" av Halldis Moren Vesaas
  • "De besatte" av Fjodor M. Dostojevskij
  • "Det hvite badehuset" av Thorvald Steen
  • "Kvalmen" av Jean-Paul Sartre
  • "Jeg heter Lucy Barton" av Elizabeth Strout
Alle bokanbefalinger for dette verket