Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Tusen vårar er ei soge frå 1000-talet, om eit Noreg i endring. Her kjempar ny orden mot gamal, kristentru mot heidenskap, lendmannsmakt mot kyrkja. Og midt i stridane finn vi menneskelagnadene; lendmannen og dottera hans, løysingen, munkane frå Irland og kong Magnus Olavsson sjølv. Sigrid Jonsdotter er einaste barn av lendmann Jon Gauteson i Sunnhordland. Faren vil finne ein storkar til henne, men menneskehjartet lyder andre lover. Sigrid vert glad i Rafn, trælesonen og løysingen, ein ættelaus i ættesamfunnet. Da Sigrid vert med barn, vert Rafn jaga som fredlaus, medan Sigrid må dra frå farsgarden og den nyfødde vert lagd i kyrkja for å døy.
Omtale fra forlaget
Sigrid Jonsdotter er høgreist og vakker, og ho er einaste barn av lendmann Jon Gauteson i Sunnhordland. Faren vil finne ein storkar til henne, ein som kan fylgje han som lendmann og gjere ætta endå rikare. Men menneskehjartet lyder andre lover. Sigrid vert glad i Rafn, trælesonen og løysingen, ein ættelaus i ættesamfunnet. Då Sigrid vert med barn, vert Rafn jaga som fredlaus, medan Sigrid må dra frå farsgarden og den nyfødde vert lagd i kyrkja for å døy Tusen vårar er ei fengslande og dramatisk soge frå 1000-talet, om eit Noreg i endring. Her kjempar ny orden mot gamal, kristentru mot heidenskap, lendmannsmakt mot kyrkja. Og midt i stridane finn vi menneskelagnadene; lendmannen og dottera hans, løysingen, munkane frå Irland og kong Magnus Olavsson sjølv.
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 2001
Format Innbundet
ISBN13 9788205297517
EAN 9788205297517
Serie Tusen vårar (1)
Genre Historisk litteratur
Omtalt tid Vikingtiden
Omtalt sted Hordaland
Språk Nynorsk
Sider 306
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketEr hjarto våre reine, då ser me i henne der ute berre eit medmenneske i naud.
Ho hadde sett altfor mykje av korleis mennene kunne fara åt om dei torde, - då var eit kvinneliv lite verdt. For det var ho som bar skamma for kjærleikens dulde gjerningar.
...ingen kunne frå si forloga fly, det hadde gamle Ingelborg lært henne.
( forloga = lagnad)
Dei vil eg skal kle meg naken for alle augo, Hugleik. Det er ei sæla for folk å sjå andre lida, berre det skjer i rettferds namn?
Det er underleg med dykk munkar, kjem hit fatige på fe og rikdom, oftast vanvyrde av bøndene. Det må vera ei sterk makt som driv dykk til å seia nei til dette alle trår etter?
Edward kjertesvein nikka, strauk guten over hår. -Ja, det er eit vakkert barn. Det må vera ei djupare meining i dette. Kyrkja sine føresegner er menneskelaga, endå eg vel ikkje burde seia slikt, eg som har svore henne lydnad.
Ho sat med handa på sylvkjeda ho nyst hadde fått i hende. Ho hadde sett so mange denne dagen: ...Det var ei soga som var ende, lik eit blad i bøkene som sira Simeon arbeidde med. Det var ingen heilag lesnad, eit kvardagsblad berre. Men atom låg draumen om dei tusen vårane og ein einaste ein, og om han som ville leva med henne all tid.
Ein gong trudde eg du var ein heilrend kar, Åker Borgarson. Det finst andre makter enn di eiga, og ein gong lyt du møta ein som er sterkare, og som sverdet ditt ikkje bit på?
Kva slag synd er stor, og kva slag er lita, ...
Kyrkja og bispane har gjeve oss desse lovene for menneskelivet, ...
Eg har grunda på dette, og er ikkje viss på om alt i Kristenretten er ubrigdeleg.
Rett nok ville det verta fleire tyngsler på bøndene kring i skipreidene, men mange var hardhuga og skjøna ikkje at når kyrkja krav offer av dei, var det for å styrkja dei i trua.