Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 10 sitater

Ho sat med handa på sylvkjeda ho nyst hadde fått i hende. Ho hadde sett so mange denne dagen: ...Det var ei soga som var ende, lik eit blad i bøkene som sira Simeon arbeidde med. Det var ingen heilag lesnad, eit kvardagsblad berre. Men atom låg draumen om dei tusen vårane og ein einaste ein, og om han som ville leva med henne all tid.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Rett nok ville det verta fleire tyngsler på bøndene kring i skipreidene, men mange var hardhuga og skjøna ikkje at når kyrkja krav offer av dei, var det for å styrkja dei i trua.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dei vil eg skal kle meg naken for alle augo, Hugleik. Det er ei sæla for folk å sjå andre lida, berre det skjer i rettferds namn?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kva slag synd er stor, og kva slag er lita, ...
Kyrkja og bispane har gjeve oss desse lovene for menneskelivet, ...
Eg har grunda på dette, og er ikkje viss på om alt i Kristenretten er ubrigdeleg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ho hadde sett altfor mykje av korleis mennene kunne fara åt om dei torde, - då var eit kvinneliv lite verdt. For det var ho som bar skamma for kjærleikens dulde gjerningar.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ein gong trudde eg du var ein heilrend kar, Åker Borgarson. Det finst andre makter enn di eiga, og ein gong lyt du møta ein som er sterkare, og som sverdet ditt ikkje bit på?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Er hjarto våre reine, då ser me i henne der ute berre eit medmenneske i naud.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Edward kjertesvein nikka, strauk guten over hår. -Ja, det er eit vakkert barn. Det må vera ei djupare meining i dette. Kyrkja sine føresegner er menneskelaga, endå eg vel ikkje burde seia slikt, eg som har svore henne lydnad.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

...ingen kunne frå si forloga fly, det hadde gamle Ingelborg lært henne.

( forloga = lagnad)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det er underleg med dykk munkar, kjem hit fatige på fe og rikdom, oftast vanvyrde av bøndene. Det må vera ei sterk makt som driv dykk til å seia nei til dette alle trår etter?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Mads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild SritaolineLailaEvaHilde H HelsethConnieKaramasov11mgeJarmo LarsenSissel ElisabethAnniken L