I Capture the Castle (Vintage Classics)

av (forfatter) og Valerie Grove (introduction).

Vintage 2004 Paperback

Gjennomsnittlig terningkast: 5.18 (11 terningkast.)

30 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Se på denne utgaven hos amazon.co.uk Kjøp boka hos ark.no

Martes eksemplar av I Capture the Castle (Vintage Classics)

Lesetilstand

Har lest denne

Hylle

Ingen hylle

Lesedato

2018

Favoritt

Favoritt!

Terningkast

Min omtale

Se min omtale

Bokdetaljer

Forlag Vintage

Utgivelsesår 2004

Format Paperback

ISBN13 9780099460879

Språk Engelsk

Sider 432

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

7 2 0 1 1 0

Bokomtaler

Cassandra Mortmain bur i eit slott. Det høyrest kanskje luksuriøst og attraktivt ut, men slik er det ikkje. Far er forfattar, men skriv ikkje lenger, stemora Topaz er aktmodell (men kommuniserer helst med naturen åleine), bror Thomas går på skulen, syster Rose er berre vakker, og tenesteguten Stephen er den einaste som kan tena pengar – fyrst som dreng, sidan som modell. Cassandra vil bli forfattar som faren, og øver seg på å skriva med å føra dagbok. Gjennom tre kladdebøker og åtte månadar føl me livet i slottet etterkvart som det endrar seg, sterkt påverka av dei nyinnflytta amerikanske naboane Simon og Neil.

I Capture the Castle er skriven med ei blanding av ung naivitet (som hovudpersonen òg vert kritisert for) og skarp observasjonsevne, som er det ho vil trena opp når ho byrjar å skriva. Etterkvart som Simon og Neil vert ein større og større del av livet i slottet kjem skrivinga litt i bakgrunnen, men det er enno med observasjonar knytt til skriving, både Cassandra og faren si.

Romanen har sine tunge tema, men er for det meste lettliva – både i innhald og skrivestil. Ein vert interessert i, og etterkvart glad i, karakterane, særleg Cassandra, Topaz og far Mortmain. I tillegg til å vera ein kjærleiksroman, er det òg ein oppvekstroman – eller omvendt – som fortener ein større lesarskare, sjølv om den er prega av tiåret den vart skriven i. Kjærleik, og oppvekst, verka hakket meir uskuldsreint då.

Dorothy Gladys Smith (1896-1990) skreiv ei mengd skodespel og romanar. Den fyrste av desse var I Capture the Castle, medan den best kjende er 101 Dalmatians. Castle vart godt motteken då den kom ut, og skriven som skodespel allereie fem år etter, og disney kjøpte filmrettane (som med dalmatinarane). Film vart det derimot aldri frå Disney, men etter at Smith døydde kom rettane attende til England, og BBC produserte ein film med Romola Garai i hovudrolla i 2003 (og inkluderer ein svært ung – og kjekk – Henry Cavill som Stephen).

Omtalen vart fyrst publisert her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I dag las eg ut ei heilt nydeleg bok "I Capture the Castle" av Dodie Smith. Vakker og smart bok frå tidleg 1900-talet, fortalt via hovudpersonens tre notatbøker kor ho fortel om livet sitt - livet saman med ein høgst eksentrisk forfattar-far og hans nye kone, og hennar to sysken. Faren var ikkje fått noko utgitt på lang tid of familien lever eit fattig, pengelaust liv. Og ja, dette livet lever dei forresten i eit slott! Eit slått dei flytta inn i den gong dei endå hadde pengar til å betale leiga. Ei leige dei dei siste åra ikkje her betalt. Så får slottet nye eigare og bekjentskapet mellom desse to familien fører til ein rekke endringar for alle saman, både reint praktisk og sjeleleg. Elska senna boka! Anbefales!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

My imagination longs to dash ahead and plan developments, but I have noticed that when things happen in one's imagination, they never happen in one's life.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Perhaps watching someone you love suffer can teach you even more than suffering yourself can.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Then I told myself that as I never gave the Church a thought when I was happy, I could hardly expect it to do anything for me when I wasn't. You can't get insurance money without paying in premiums.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Noble deeds and hot baths are the best cures for depression.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

Denne listen er en reaksjon på Esquires liste.

Bøkene er ikke rangert.

Lenke til den originale listen.


Godt sagt! (11) Varsle Svar

Fortsettelse av forrige liste som ble full ...


Godt sagt! (0) Varsle Svar

The nation's best-loved novels - Top 100


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "Cold Comfort Farm (Penguin Classics Deluxe Editions)" av Stella Gibbons
  • "Valley of the dolls" av Jacqueline Susann
  • "The invisible life of Addie LaRue" av V.E. Schwab
  • "In Watermelon Sugar" av Richard Brautigan
  • "A tale for the time being" av Ruth Ozeki
  • "Jellicoe Road" av Melina Marchetta
  • "The haunting of hill house" av Shirley Jackson
  • "Morslinjer - voldens sildring gjennom tre generasjoner" av Madeleine Schultz
  • "Juleballet" av Evi Bøgenæs
  • "The magicians" av Lev Grossman
  • "Notater fra en utstilling" av Patrick Gale
  • "De utrøstelige" av Kazuo Ishiguro
Alle bokanbefalinger for dette verket