Medmenneske

av (forfatter).

Norli 1977 Heftet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.33 (3 terningkast.)

7 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Julie Eiléns eksemplar av Medmenneske

Lesetilstand

Skal lese denne

Hylle

Skal leses

Lesedato

Ingen lesedato

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Ingen terningkast

Min omtale

Ingen omtale


Bokdetaljer

Forlag Norli

Utgivelsesår 1977

Format Heftet

ISBN13 9788251804486

Språk Norsk

Sider 173

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 1 2 0 0 0

Bokomtaler

Olav Duun diktar saman ganske spenstige persongalleri i bøkene sine, eg har lest dei 6 Juvikfolke-bøkene tidlegare, og no denne som er den første i ein trilogi. Felles for alle bøkene er at eg ofte har vondt for å forstå kva som driv personane, og kanskje er det nettopp dette som gjer at bøkene fenger slik hos mange? Trass alt handlar jo menneske ofte ganske irrasjonelt, og det er ikkje alltid godt å setje ord på kva som djupast sett gjer at vi oppfører oss som vi gjer.

I denne boka er det Ragnhild som er hovudpersonen, ungkone på garden Stavsund, og eit grepa kvinnfolk. Resten av folket som bor på garden utgjer ei ytterst dysfunksjonell familie, med svigerfaren Didrik som hustyrann og intrigemakar. Ikkje intriger for ufreden sin del, men for å kunne setje igjennom visjonane sine om å etablere og bli eigar av ei moderne kornmølle.

Med det varierte persongalleriet, intrigemakeriet og den fortetta stemninga innad i husstanden fekk eg assosiasjonar til TV-programmet Farmen, eit program eg ikkje har sett og dermed berre har overfladisk kjennskap til, men som eg likevel skammeleg nok har solide fordomar mot. Enkelte av husstanden blir, om ikkje stemt ut, så i alle fall ekspedert ut av garden på ymse vis. Så skal eg ikkje røpe kven som blei vinnaren, i den grad ein kan seie det blei ein vinnar til slutt.

Det beste med boka er måten Duun får fram stemningar på. Små dialogar der det er like mykje som er usagt som sagt, hint om overtru, gjeremåla og faktene til personane, og i kombinasjon med ver og natur. Men som nevnt innledningsvis, sidan eg ofte ikkje forstod personane, eller kanskje er det rettare å seie at eg ikkje identifiserte meg med dei, så følte eg at eg ikkje fekk fullt utbytte av å lese boka. Likevel kjem eg nok på eit eller anna tidspunkt til å lese dei to siste bøkene i trilogien. Eg vil jo trass alt gjerne vite kva som skjer vidare.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Rettferda er stygg når ho er ute i det erende. Jamenn er ho så ja. Synd i den som må vera tenaren hennes da.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Dei hadde ord etter henne heile bygda over, og mangt var ikkje hermande. Bryllopsmorgonen sa ho, da brurgommen kom inn i stua: - Er det han der eg skal ha? Nei gi meg no vatn!. Ho svara ikkje ja for altere, ho svara ja da! Ingen ting var så hellig at ikkje Lea lo til det.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Du vil kanskje også like

  • "Smuglere" av Arthur Omre
  • "Sjakalen" av Frederick Forsyth
  • "Den 13. disippel" av Tom Egeland
  • "Av måneskinn gror det ingenting" av Torborg Nedreaas
  • "Huckleberry Finns opplevelser" av Mark Twain
  • "Den skarpsindige lavadelsmann don Quijote av la Mancha" av Miguel de Cervantes Saavedra
  • "Rosens navn" av Umberto Eco
  • "Populærmusikk fra Vittula" av Mikael Niemi
  • "Victoria - en kærligheds historie" av Knut Hamsun
  • "Berlinerpoplene - roman" av Anne B. Ragde
  • "Anne Franks dagbok - 12. juni 1942 - 1. august 1944" av Anne Frank
  • "Hodejegerne - roman" av Jo Nesbø
Alle bokanbefalinger for dette verket