2011
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
En mørk skygge hviler over slekten Baskerville. Den blodige forbannelsen har form av en kjempestor, kullsort hund, og i dens spor følger voldsomme og tragiske dødsfall. Sherlock Holmes får i oppgave å redde den siste ætlingen fra forbannelsens klør, en oppgave som fører ham og dr. Watson ut på de ville, tåkete heiene i Dartmoor og som setter detektivens evner på større prøver enn noen gang.
Omtale fra forlaget
Det kviler ei forbanning over slekta Baskerville. Ein kjempestor kolsvart hund har sidan den vonde Sir Hugos dagar heimsøkt familiens gods i Dartmoor, og no er endå ein eigar av godset død under mystiske omstende. Sherlock Holmes blir tilkalla for å oppklare dei blodige og tragiske dødsfalla som truger med å utslette Baskervilleslekta, og på dei ville og tåkelagde heiene ved Devon får meisterdetektiven og den trufaste assistenten hans Watson verkeleg noko å bryne seg på. Kan dei hindre at den unge Sir Henry Baskerville blir hundens neste offer? Hunden frå Baskerville er mange gonger blitt kåra til verdas beste kriminalhistorie, og er den mest kjende av alle historiene om Sherlock Holmes. Klassikaren kom første gong ut i England i 1902, og kjem her i rykande fersk omsetting av Ragnar Hovland.
Forlag Baskerville
Utgivelsesår 2009
Format Innbundet
ISBN13 9788281870079
EAN 9788281870079
Genre Politi og detektiver Krim
Omtalt sted England
Språk Nynorsk
Sider 190
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Det kom med vinden gjennom nattestilla, ei lang, djup murring og så eit stigande hyl, og så det triste stønnet som det døde ut med. Om og om att kom det, heile lufta skalv av det, skjerande vilt og trugande. Baronetten greip meg i ermet og ansiktet hans skein kvitt gjennom mørket.
"Min Gud, kva er det, Watson?"
"Eg veit ikkje. Det er ein lyd som finst på heia. Eg har høyrt den ein gong før."
Den døydde bort, og ei absolutt stille omgav oss. Vi stod og lytta intenst, men ingenting kunne høyrast.
"Watson," sa baronetten, "det var hylet frå ein hund."
Verda er full av innlysande ting som ingen nokon gong legg merke til.