Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Ruth Lillegravens knallsterke debut - endelig i lommeformat!- "Store stygge dikt er lett tilgjengelig, og samtidig rik og dyp." Marit Fagerheim Wiik, ELLE Store stygge dikt er ein slags rapport frå ei ung kvinnes liv i Oslo, i perioden august . desember 2004, som og er blanda med hendingar ute i verda og med andre personar og deira historier. Samlinga rommar mellom anna hendingar som trikkedrapet på Bislett i august, Erik Byes død, skypumpa som rasa inn over Oslo 22. oktober og flodbølgjekatastrofen 26. desember. Tekstane flyttar seg frå ein eplegard i Hardanger, til Bislet bad i Oslo til Rotterdam under krigen. Og midt i denne kvervlande straumen, denne skypumpa av hendingar og historier, står eg-et med poetisk energi og språkleg sikkerheit. Store stygge dikt er ei bok om alt som kvervlar forbi, om alt som plutseleg kan gå i stykker. Det handlar om barndom, om å bli vaksen, om død, men og om gleda over trivielle ting. Det handlar om lengt; om kjærleik som er, som nesten er, som ikkje er lenger. Og det handlar om å prøve å halde saman alt det som kvervlar. Ruth Lillegraven (f. 1978) bur i Oslo."Store stygge dikt er ikke tette, knappe og ordfattige, slik man gjerne har sett i norsk lyrikk de siste 50 årene. Desto mer overbevist er jeg om at de sier meg noe vakkert og viktig ... Ruth Lillegraven lykkes med å skrive store dikt, varige dikt, som synger og vugger av gårde, uvanlig lange og velskrevne."Tom Egil Hverven, NRK "Kjærkomne tilskudd til en stolt, men noe stivnet tradisjon, og innleder en god høst for nynorsk litteratur ... De beste diktene hennes balanserer hårfint mellom stille sorg og skjelmsk selvutlevering." Ingunn Økland, Aftenposten "Store stygge dikt er lett tilgjengelig, og samtidig rik og dyp." Marit Fagerheim Wiik, ELLE (terningkast 5)"Langdikt som villefått beatpoeten Allen Ginsberg til å glise i skjegget ... forfriskende å lese." Arne Hugo Stølan, VG
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 2006
Format Heftet
ISBN13 9788205361287
EAN 9788205361287
Serie Tiden pocket
Språk Nynorsk
Sider 100
Utgave 2
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
dette diktet som ikkje er eit dikt berre kladden til rapporten min til bestillingsverket som alt har fått ein tittel eg veit eg aldri kan leve opp til ganske vanleg, er det ikkje, å ikkje kunne leve opp til oppskriftene sine, særleg for meg som skriv på baksida av det andre har skrive mine ord vil alltid vere vrengebildet av andres
[...]du er betre enn alle dei, betre enn alle dei til saman, du er kul, du er kongen, betre enn iskrem og karneval, betre enn øl og whisky [...]