Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
sist sommar gøymte vi øl i sekken sneik oss bort til brygga knuste sniglehus og skjell fiska etter krabbar med sniglar i snøre gutane lo og sprang brølande i sjøen er det nok lys der nede ein kjetting heng fast i berget rustar i det salte vatnet Kva skjer med ei jente når unge gutar rundt ho døyr? I dikta til Mona Vetrhus finst det ei lita bygd mellom sjø og bratte fjell, der ørn, hjort og viking ferdast i same natur som leikandeungar, og der gutarkøyrer i fjorden. Vennskap, gryande forelsking og død er viktige tema i boka. Lesaren møter ei jente som har tilbakevendande mareritt. Ho er på veg inn i si eiga verd, der gutane framleis går rundt nede på djupet, og redsla for at fleire skal forsvinna er ein del av kvardagen.
Forlag Oktober
Utgivelsesår 2012
Format Heftet
ISBN13 9788249509300
EAN 9788249509300
Språk Nynorsk
Sider 59
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketeg vil vera edderkopp
spinna tryggleiksvev
rundt han
og ikkje sleppa skuggar inn
heima i fjorden har vi gras
ei gråblå elv
svingevegar mellom fjell
og unge hjarte i jorda
du ligg skeivt på puta
håret er flokete
lufta i respiratoren
bles inn og ut av deg
det store makineriet
løfter og senkar brystet ditt sakte
som om du er ei gammaldags klokke
legen kan trekka opp
så vil du som før
bli med ut
og spela fotball
Bøker jeg har bestemt meg for å lese etter et blikk på coveret. Det jeg faller for er farger, tegninger, foto og stemning på omslaget.