2024
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Odd Nordstoga er ein av Noregs mest folkekjære artistar. I denne boka fortel han si eiga historie.
Eg har bestemt meg for å legge alt skamvit til sides og fylgje meg sjølv med tastatur. Eit slags reality show på papir blir det vel. Eg skal hente fram minne frå stadene mine, frå vegane mine og folket mitt, for det er dei som ligg mellom linjene i musikken min. Fortelje fram baklandet til songane mine. Det er det eg skal prøve på. Der ligg historia mi òg, historia om ein som starta på trekkspel som åtteåring og lét musikken vise vegen heilt hit. Eg håpar det blir ei bok om ein spelemann, for det synest eg er ein fin ting å vera. Å, kunne eg vera ein spelemann!
Spelemann er ei personleg forteljing om å vekse opp på gard, om å vera betre til å spela trekkspel enn fotball, om familielivet og songskapinga heime på Nordstrand og om det såre og det fine med å ha ei syster som er annleis.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2024
Format Innbundet
ISBN13 9788234006982
EAN 9788234006982
Omtalt person Odd Nordstoga
Språk Nynorsk
Sider 259
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketI grunnen handlar det om det all kunst handlar om: Å målbera det hjartet vil ha sagt, blant kjøleskåp, brødboksar og smuler på golvet, i livet me lever.
Stein [Versto] hadde tekster, og den fyrste eg fekk, var "Orda du gav meg".
Orda du gav meg var vinter og snø
Sommar og blomar min vin og mitt brød
Orda eg fekk vil alltid stå
Dette er songen eg fester dei på
Du stod ein dag på trappa og smilte til meg
Mitt rom vart bustad for dine steg
Slik fekk eg orda av rørsle og ro
Orda er alt eg kan halde kring no
Koma heim,
gå borti der,
bøyge greiner,
- og kjenne så det fer i ein
kva det er å vera der ein høyrer til.
[Tarjei Vesaas]