Ingen lesetilstand
Ingen hylle
Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Nytt skodespel frå nobelprisvinnaren.
Skremmande einsemd.
Ein ung mann møter ein annan ung mann som liknar mykje på han sjølv, begge er dei biletkunstnarar. Ein eldre mann møter ein annan som også liknar mykje på han sjølv. Og ei eldre kvinne møter ei som liknar mykje på henne sjølv. Dei eldre foreldra freistar snakka til den yngre sonen, vil gjerne møtast og ha kontakt, snakka om åra som har gått, alt som har skjedd, men får aldri svar. Den einaste som svarar, er deira eigen dobbeltgjengar.
I «Einkvan» møter vi ei nesten skremmande einsemd, ei lengt etter felleskap og ei sorg over å ikkje nå fram til dei vi er aller tettast knytt til, den næraste familien.
Eit skodespel av Jon Fosse vart for aller første gong sett opp på ei scene våren 1994. Tretti år seinare vert Fosses 32. heilaftens stykke sett opp på Det Norske Teatret. «Einkvan» hadde urpremiere 25. april 2024.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2024
Format Innbundet
ISBN13 9788234013317
EAN 9788234013317
Språk Nynorsk
Sider 72
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Sterk bok om einsemda i livet, om saknet etter einkvan, om å trenge kvarandre, men også å trenge det å vere åleine.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketEinsemda er ein god ven
til ho har vart lenge nok
frå fødsel til død
ja frå unnfanging til gravferd
treng vi kvarandre