Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Med en Moleskine notatbok på innerlomma og forfattere som Jack Keruoac, Catullus og Charles Baudelaire som litterære følgesvenner har Arild Rein skapt det han i undertittelen har definert som "365 tekstar om kjærleik, vennskap, hat og sorg." Gjennom ett år skrev Arild Rein én tekst hver dag. Han skrev på kafeer, i parker, på sofaen hos venner, i fly, tog, bil. Disse 365 øyeblikksbildene fra ett menneskes liv er så tett forbundet med verden omkring at de blir til bilder av våre alles liv og vår alles tid. Songar frå mitt territorium er fylt av desperasjon over menneskenes vilkår, men også av en intens bejaelse av livet. "Eg følgde daganes, årstidenes, geografiens og livsstrevets inspirasjon. Her fins aforismar og poetiske skisser, psykologiske og estetiske registreringar, utbrot mot tida og samfunnet, minnebilde og draumar, portrettskisser som er gjennomgåande nådelause, epigram, nonsens, satire, songar om kjærleik, vennskap, hat og sorg - og grotesk realisme. [...] Den uhyrlege ambisjonen var - som hos Baudelaire - å visa fram .mitt nakne hjarte.." - Fra Arild Reins etterord. Arild Rein (f. 1960) debuterte i 1998 med romanen Hundedagane, som ble den første av bøkene i den sa°kalte Stavangertrilogien, som ellers besta°r av Grisekoret (2001) og Kaninbyen (2004). Seinere har Rein gitt ut lesestykket Vintercamping (2007) og den politiske framtidssatiren Den evige fred (2010).
Forlag Pelikanen
Utgivelsesår 2012
Format Innbundet
ISBN13 9788293237020
EAN 9788293237020
Språk Nynorsk
Sider 303
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Med ei Moleskine notatbok på innerlomma har Arild Rein sett seg føre å skriva ein tekst for kvar dag i eit heilt år. Og eit lesverdig år har det blitt. "Han skrev på kafeer, i parker, på sofaen hos venner, i fly, tog, bil. Disse 365 øyeblikksbildene fra ett menneskes liv er så tett forbundet med verden omkring at de blir til bilder av våre alles liv og vår alles tid. songar frå mitt territorium er fylt av desperasjon over menneskenes vilkår men også av en intens bejaelse av livet," for å sitera frå forlaget si nettside.
Arild Rein er etter mitt skjønn ein stor forfattar i eit lite format. Hans såkalla "Stavangertrilogien" (Hundedagane, Grisekoret og Kaninbyen) er i all sin groteske og beiske velde eit meisterverk, for ikkje å seia eit meistarleg verk. Det må ha gjort vondt å skriva desse bøkene, det gjer iallfall vondt å lesa dei. Her er det kynismen i den forvokste oljehovudstaden, framleis ein provinsby i eit provinsland, som rår grunnen. Ekle bøker, sabla godt skrivne.
Med Rein sine Moleskine-notat vert det litt annleis, men ikkje heilt - røysta frå trilogien er der framleis, berre på ein annan måte. Og det er sagt i positiv forstand. I desse tekstane, eller notata om ein vil, må ein stundom gjetta - eller ana - seg fram til ei meining. Men ettersom dei 365 tekstane spring fram (og året går) byrjar ein å fornemma ein samanheng, det er mest som ei slags fastlagt handling trer fram, som ein byrjar å sjå personen bak, ja trur ein snart vil møta han, sjølv om handlinga er like lite der som i årets dagar. Det er berre i romanar at ein finn handling. Men seriøst - eg veit ikkje om det er tenkt slik, skrive medvite slik, men gjennom eitt notat kvar dag i eitt år blir det jo også ein kronologi av det, og ein tek til å sjå og ana meir om den som skriv, om omgjevnadene, miljøet. Og ein annan ting med Arild Rein, han er så befriande "uintellektuell", så fri for posering - frå Moleskine-boka hans kjem det rein vare. Han har kalla samlinga "songar frå mitt territorium" (med liten s) - sjela sitt territorium? den personlege integritets territorium? byen sitt territorium? Me treng ikkje vita det, hintet er nok.
Forutan sjølve tekstane har Arild Rein også skrive eit etterord. Han fortel at han skreiv etter Baudelaire sitt motto: "Å arbeida i blinde, utan mål, som ein galen. Så fekk ein sjå..." Han skreiv ned alt som falt han inn, og vart tidleg klar over dei djupe og indre motsetnadene i teksten. Og med omsyn til sjølvframstillinga (omslaget på boka viser ein stor A og R): dette er ikkje hans sanne "eg", tekstane er eit mugshot - "klårt som eit stjernebilete, men må tydast som ein rebus".
--
Nokre ord om sjølve boka. Sjeldan i samtidspoesien har eg sett eit så sterkt argument for papirboka som denne utgåva. Ho er tiltalande, mest fortruleg vakker, det er ei slik bok ein får lyst til å eiga, opna, lesa. Og med ei innbinding like solid som innhaldet.
Konklusjon: Arild Rein er min mann.
PS. Eit retorisk spørsmål til slutt: er det meininga at me skal bruka 365 dagar på lesinga?
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket