Eg synest det er veldig interessant akkurat dette, med korleis Balram ikkje passar inn i den klassiske sympatiske fattiggut-myta. Eg liker det veldig godt. Det er litt som du TorillS seier, at det kostar litt å komme seg opp og fram i verda. Boka problematiserer dette, og blir dermed langt meir realistisk enn ei rekke andre bøker eg har lese om framande kulturar.
White Tiger er ei sterk bok, som gir eit veldig godt innblikk i eit samfunn som er framand frå det eg lever i.
Viser 2 svar.
Og det var forøvrig din beskrivelse av at boka hadde et "innenfra perspektiv" (i motsetning til at "vi eller noen" skriver om "de andre"), som fikk meg til å lese den:) Så takk for anbefalingen!
Åh, så fint, då! Då var det godt at du likte ho. Ja, det er absolutt eit veldig godt innanfrå-perspektiv i denne boka. Eg held på med Mellom attentatene nå, ei novellesamling av same forfattar, og den er også god på same måte.