Kan innehalde spor av spoiler...
… dei opptrer, så vidt, for så å forsvinne igjen, om lag slik det er når ein sit ved eit togvindauge og ser ut vindauget og høyrer på musikk og tankar berre flyt inn i hovudet, det er jo denne kjensla det gir, at noko viser seg akkurat lenge nok til at ein får eit inntrykk av at det eksisterer…
For meg oppsummerer dette sitatet det eg synes denne boka seier noko om. Vi møter ulike menneske glimtvis, i små augeblikk av liva deira. Eg er veldig ueinig i det som er skrive i ein annan tråd om denne boka, at det er livets trivialitetar det er skrive om. I våre små liv i trygge Noreg, kva er det som endrar eller påverkar liva våre? Det er ikkje hendingar som på utsida er store og dramatiske, nei, det er tilfeldige møte, kanskje ein ny jobb, å begynne eller avslutte eit kjærleiksforhold, å bli sjuk, å få barn. I kvar enkelt sitt liv er ikkje dette trivielt, det er livet.
Boka skildrar små augeblikk som endrar livet til hovudpersonane, nokre gonger er det reine tilfeldigheiter, som når Viggo mister ei tann eller når Sigrid møter Kåre, andre gonger er det ein prosess hos hovudpersonen som fører til ny innsikt, t.d. hos Trine. Først skjøna eg ikkje kvifor desse kroppslege scenene var skildra så - nesten rått, når det handla om Trine. Eg vart eigentleg litt irritert og tenkte at det nesten verka spekulativt, forfattaren måtte legge inn noko som fekk oss til verkeleg å sperre auga opp midt oppi alle tankane hos hovudpersonane. Sidan har eg tenkt at dette viser korleis Trine har brukt kroppen sin i performance-kunsten sin som ein reiskap, men at ho etter fødselen og amminga får ny innsikt i kroppen sin som mor-kropp - kvinnekroppen brukt til noko av det han er laga for, nemleg fødsel og amming. Å bruke mjølkinga som framsyning får Trine til å kjenne at ho har misbruka kroppen sin. Når ein har blitt mor, tilhøyrer ikkje kroppen lenger berre ein sjølv, men barnet og. Det er ei utruleg sterk kjensle og det er ikkje noko trivielt i det. (Og til dykk menn som les dette og ikkje har lese boka, ikkje bli avskremde, dette er ein bitteliten del av teksten som ikkje tek stor plass. Eg skreiv om Trine her fordi det var henne eg streva mest med.)
Eg synes dette er ei fantastisk bok som hamnar i “skattkiste”-bokhylla mi. Gunnhild Øyehaug har skildra desse ulike menneska både inderleg, ærleg og med eit litt skrått, humoristisk blikk utan å vippe over kanten til ironi. Mange stader understrekar ho temaet (og tittelen) med subtil biletbruk, som i sitatet ovanfor eller når ho beskriv korleis ein står på vent i livet, klar til at noko kan eller skal skje, men ein anar ikkje kva, akkurat som markøren som står og blinkar på pc-skjermen og berre ventar på neste tastetrykk.
Sjå rundt deg, er det ikkje slike små glimt du får av andre sine liv, nokre, dine nærmaste, har du meir innsikt i enn i andre, men full innsikt har du ikkje i nokon, ikkje i deg sjølv ein gong (inspirert av samtidig lesing av Hamlet!). Dette har Øyehaug skrive glitrande om, og så er det mengder av andre ting ein kunne ta tak i i denne boka som eg ikkje har sagt noko om her…
Terningkast 6, viss eg hadde drive med slikt.
Viser 2 svar.
Du gir meg faktisk lyst til å lese boka en gang til! Nydelig analyse av boka!
Eg trur eg kjem til å lese denne boka mange gongar til :) I ein diskusjon nyleg snakka vi om samtidslitteratur der ein lyt grave litt for å finne gull, dette er ei slik bok der eg veit eg kan finne enda meir gull neste gong eg les henne.