Denne boka gav seg ut for å vera interessantare enn den viste seg å vera. Tittelen er Stasiland men dessverre syner det seg at forfattaren sjølv vil vera hovudpersonen i boka. Altså, Funders fundereringar og små gjøren og laden gjev keisamt sidefyll i boka. Meir interessant og relevant er det for oss lesarar å få vita og skjøna meir av korleis det var å leva under regimet til DDR. Det får vi og, mange tragiske og opprivande historiar og vitnesmål om å vera innbyggar i tidenes mest overvakande stat. Dessverre gjev desse historiane ikkje særskilt inntrykk på Funder som er mest opptatt av å skildra trivialiteter som bygningar, tog, luktar og sine umodne tolkningar av det folk seier og gjer. Likevel angrar eg ikkje på at eg las denne boka, trass at forfattaren tar så stor plass i ei bok som burde fokusert meir på folket.

Godt sagt! (2) Varsle

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågHarald KHegemarvikkisBjørg Marit TinholtTor-Arne JensenLabbelineReidun Anette AugustinbeaverkriekOddvarGCathrine PedersenDemeterKirstenTone SundlandLars MæhlumMonica CarlsenRune U. FurbergRisRosOgKlagingBjørn SturødDaffy EnglundstrigidaeTone Maria JonassenmarithcTore HalsaJoannJohn LarsenEivind  VaksvikStig TMarianneNLaddenJulie StensethTone NorenbergHelge-Mikal HartvedtThomas KihlmanLinda NyrudJannaPiippokattaPernille GrimelandJarmo LarsenVidar Ringstrøm