Vi som ikkje blir utsette for det, tenkjer ikkje på at det skjer. I alle fall ikkje ofte. Vaksne mobbar andre vaksne (og endå verre: mobbar barn!) på internett. Det skjer, og det skjer kvar dag. I Noreg. Kanskje frå ein maskin i ditt nabolag. Anne-Brit Davidsen er kvinna som ikkje vil teie om dette. Ho trur at det å seie frå er viktig for å stoppe hatet. Det trur eg ho har rett i.

I "Kvinner som hater kvinner. Min kamp mot nettrollene" fortel om korleis ho starta ein bakeblogg i iver og bakeglede, og med ønske om å inspirere andre, og korleis det som etter kvart utvikla seg til rein mobbing frå enkelte av følgjarane hennar, etterkvart tok frå henne gleda ved arbeidet.

Dette er sterk, trist, viktig, ubehageleg, men òg inspirerande lesnad, og ei bok alle bør få med seg.

Godt sagt! (1) Varsle

Sist sett

LaddenSverreLeseberta_23DemeterHegeKirstenPiippokattaReidun Anette AugustinEirin EftevandRavnSiri HelsethflaTor Arne DahlJannaJulie StensethIreneleserAvamarvikkisalpakkaKaramasov11Jan-Olav SelforsKjetilHeidi Nicoline ErtnæsHarald KBjørg L.Tonje SivertsenSisselVeronicaKLisbeth Kingsrud KvistenHeidi BVidar RingstrømgretemorToveSiv Jane HettervikJohn LarsenFindusIna Elisabeth Bøgh VigreKristin_Tine SundalBente