Las du Kristopher Schaus 'På vegne av venner' som kom på Oktober i 2009? Ikkje? Då burde du gjere det no. Schau bestemte seg ein vinter for å gå i alle gravferder som vart arrangert av Oslo kommune i staden for av dei pårørande, fordi den avdøde ikkje hadde pårørande. Undervegs skreiv han ei slags dagbok frå dei ulike gravferdene. Boka er kort, alvorleg, men sterk, og svært, svært god.

Richard Ropers roman 'Noe å leve for', som kom på Vigmostad Bjørke i fjor, fekk meg til å tenkje på Schous bok igjen. Hovudpersonen Andrew arbeider nemleg i administrasjonen i ein bydel i London med å leite etter slektningar og arrangere gravferder til folk som døyr utan at det er dei pårørande som varslar om dødsfallet. Andrew vel ofte sjølv å gå i gravferdene der han ikkje finn slektningar, sjølv om det strengt tatt ikkje er del av jobben hans. Romanen handlar om misforståingar og løgner og om einsemd og vennskap, og er ei nydeleg forteljing som får (i alle fall denne) lesaren til å bli både oppløfta og veldig glad i Andrew og fleire av personane han har rundt seg. Som eg nok har nemnt i ei og anna bokmelding tidlegare, les eg veldig sjeldan bøker om att, men det er nok ein viss sjanse for at eg vil gle meg sjølv med denne romanen ein gong til om eit par år. I så fall les eg nok 'På vegne av venner' igjen i same slengen.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Roger MartinsenMarteAmanda ABerit B LieKirsten LundStig TMads Leonard HolvikHarald KKine Selbekk OttersenMcHempettIngunn SLailaVioleta JakobsenAndreas BokleserPi_MesonBenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingHanne Kvernmo RyeEgil StangelandReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda Nyrud