Det har vært rimtørke i mange veker no, og eg ser ikkje enden enno. Derfor blir det prosa.

Tidlegare i dag gjorde eg unna dei siste sidene i M Train, der Patti Smith tek med lesaren på ein rundtur til eit utval av stadar og minner som har vært viktige for ho. Eg kjenner Smith berre av namn, har ikkje noko forhold til musikken hennar, men har fått med meg at ho skriv bra. Etter å ha lest boka seier eg meg samd i det siste, dette var bra. Eg les gjerne ei bok eller to til av henne.

I morgon blir det jobbreise til Austerrike. Derfor bladde eg igjennom ulest-hylla etter passande lektyre. Eg fann ingen austerrikar, det nærmaste eg kom var Arthur Koestler med boka Mørke midt på dagen. Koestler var fødd i Budapest medan keisardømet Austerrike-Ungarn eksisterte, og hadde også mykje av skulegangen sin i Austerrike. Det får vere nærme nok. Starta på boka i dag.

Eg skal også såvidt innom Sveits. Derfor tek eg også med meg sveitsaren Max Frisch sin Homo Faber, i tilfelle det blir tid til å starte på ei bok til.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Hørtes ut som en spennende helg. Håper du koser deg med jobbreise :) ha en god helg :)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Synnøve H HoelBjørg L.BenteTanteMamieBente NogvaNicolai Alexander StyvemarvikkiskntschjrldStig TBeathe SolbergDemeterIna Elisabeth Bøgh VigrePiippokattaKirsten LundJulie StensethMarenGitte FurusethBerit RSolveigTorill RevheimTine SundalTore HalsaAnniken RøilSt. YngheadAnn ChristinTherese HolmBjørg Marit TinholtSolKarina HillestadAnneWangIngvild SRandiAJakob SæthreKarin BergEirin EftevandmarithcEster SIreneleserHedvigGro-Anita Roen