Omslaget gjer at ein forventer å flire seg gjennom boka, og omslaget bidrar derfor, dessverre, til å auke lesarens forventingar alt før boka blir opna - og dette gjer at dei fleste nok blir litt skuffa. For jo da, boka ER morosam, det finst ein del komiske scenar, ein del tankar man kjenner seg att i osv, men hysterisk er ho ikkje.

Boka tek føre seg Ingrid Winters liv i ei relativt kort periode kor ein del ting skjer - huskjøp, hussalg, små-konfliktar i foreldre-rådet på skulen, nokre episodar i barnehagen, utfordringar på jobben. Det heile toppar seg då ho blir sendt til Russland for å lage ein samarbeidsavtale med universitetet der, noko som viser seg å bli ein hendelesrik og utfordrande affære.

Eg likte boka ganske godt, heilt til denne Russlands-reisa kom inn i bilete omtrent halvvegs i boka: då syntes eg det blei litt for mykje, litt for morosamt, litt for dramatisk ... det blei ikkje truverdig, eg klarte ikkje tru på Ingrid Winter som karakter.

Eg likar små-vittige, sarkastiske bøker. Men denne traff meg ikkje. Eg føretrekk då heller bøkene til Marit Eikemo - som skriv litt i same stil, men med betre utvikla karakterar, meir realtistiske situasjonar og med ein humor som verker meir naturleg/mindre tvungen.

Alt i alt er dette ei heilt ok bok - lettlesen, småvittig, koseleg - men den er ikkje noko meir enn det. Dessverre er det ei slik bok eg "gløymer" så snart siste sida er lesen ut, ei bok eg neppe kjem til å tenke på eller ønskje å lese igjen. Men - ho fekk då laurdagen til å gå, om ikkje anna.

Les om du er i humør for noko veldig lettlesen som ikkje krever særleg konsentrasjon, les når du vil lese ei bok på ein dag eller ila ei helg, les når du berre vil slappe av og ikkje tenke. Ikkje les om du ser føre deg at eit lattarbrøl skal frakte deg gjennom sidene - det skjer ikkje. Og; ikkje tru på alt du høyrer (=bok-omslagets lovord)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

RonnyHarald KTralteVannflaskeJulie StensethInger-LiseAnne-Stine Ruud HusevågMathildeAkima MontgomeryLinda NyrudTove Obrestad WøienflaEvaHeidiBeathe SolbergKirsten LundAmanda AEster SBerit B LieHarald AndersenEivind  VaksvikCecilie69Lars MæhlumTonePiippokattaStig TmarvikkisKarina HillestadTanteMamieFredrikEllen E. MartolTor-Arne Jensenanniken sandvikLilleviVibekeBente NogvaFrode Øglænd  MalminelmeritaolineBerty