No har eg lese denne to gonger og eg liker den endå betre no enn etter føre gong. Verkeleg ei lita perle av ei bok! Nydeleg språk som skapar ei stemning som er til å ta og føle på medan ein leser. Eg følte meg som ein slags flue på veggen her, pakka inn i ei stille og smådyster stemning tilsvarande slik egså føre meg st karakterane ofte hadde det. Liker veldig godt grepet med at fortellesstmma ikkje er direkte delaktig i heile fottellinga men let ho handle om denne venninna si.

Les denne om du vil ha ein , for ein gongs skuld, KORT murakami - fortelling utan for mykje overnaturlige element. Truverdige og liknades karakterar, herlege dialogar, ei perfekt dose filosofi og undring, eit originalt plott... Tematikk tenker eg er einsemd, sakn, kjærleik, sjølvrealisering og også kanskje sjølvrefleksjon.

Og trass i at dette er blandt Murakami sine mindre "absurde" bøker vil ein Murakami-fan likevel finne igjen enkelte typiske murakami-trekk som klassisk musikk, kattar, brønn og måne...!

Og så... Kort om handlinga:
Vi får høyre om ei ung dame som drøymer om å bli forfattar utan heilt å gå det til. Ei dag treffer ho ei sytten år eldre dame og blir forelska. Denne dama er dessverre gift. Likevel blir dei to godt kjende då dei byrjar å arbeide saman. På jobbreise saman i derimot... Då skjer det sakar og ting i det denne unge jenta brått forsvinner. Fortellerstemma tilhøyrer ein mann som er forelska i hovudpersonen, og han vert kontakta når jo forsvinner... Herleg, vakker bok! Gode dialogar, velutvikla karakterar, spennande og originalt plott... Verkeleg ei bok å kose seg med!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Jarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlPiippokattaTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone SundlandHilde H HelsethIngvild RosslundHanne Kvernmo RyeJulie Stenseth