Lettlest og til dels – øh – sjarmerande bok om tarmsystemet. Forfattaren, Dr. Julia Enders, er ikkje berre utdanna gastroenterolog, ho har også personlege erfaringar med kor viktig tarmhelsa er for resten av kroppen. Etter å ha halde eit populærvitskaplet foredrag om temaet som blei svært godt mottatt, fekk ho tilbod om å gi ut bok om temaet. Og her er den.
Dr. Enders har talent for å formidle kunnskapen sin. Ho gjeng grundig til verks med å forklare korleis fordøyingssystemet virkar, og ho nyttar lettfattelege døme og artige samanlikningar for å få fram poenga. Kunnskapen om korleis bakteriefloraen i tarmen påvirkar resten av kroppen har auka mykje dei siste åra, og det refererast til eit stort tilfang av nyare tidsskriftlitteratur om temaet.
Når eg likevel er bittelitt skuffa over boka, skuldast det to forhold. Det første, og minst viktige, er ein del av humoren i boka. Er det kjempetabu å seie «bæsj» og liknande i Tyskland? I alle fall slo det meg at mange av dei vittige poenga i boka var i retning av «'fnis' - no sa eg visst promp». Ja ja, dette er som nevnt ikkje så viktig.
Det som var litt verre var at eg ikkje alltid fekk forklaringane til å henge saman. Noko av dette skuldast nok at dette er eit fagområde i sterk utvikling, og at resultat kan sprike i litt ulike retningar. Og så kan det sjølvsagt hende at lesaren ikkje er på høgde med det han les, og går glipp av samanhengane. Uansett, eg sat litt for ofte med kjensla av at utgreiingane ikkje hang heilt saman med konklusjonane.
Men anten det er sånn eller slik, så skal forfattaren ha honnør for å skape interesse og entusiasme for fagfeltet sitt hjå ålmenta. Salstala til boka seier sitt, og dei er imponerande.