Eg vil vone det gjeng an å bli profesjonell fotballspelar utan at ein blir slik ein møkkasabb som Lundekvam må ha vært i ei periode. Det var rystande å lese om korleis han let fest, sprit og dop take over livet sitt, og måten det gjekk utover familia på. Jaudå, eg er klar over at dette ikkje er laster som er eineståande for fotballspelarar, men det er vondt når ein blir klar over at ein hardtarbeidande landslagshelt har vært så langt nede, og dratt andre med seg. Og i følge boka havnar ein fjerdedel av toppidrettsfolk i liknande problem etter karriereslutt. Får vone at fleirtalet ikkje har fått det så tøft som Lundekvam.

Men det er ikkje berre ugreie og elende i boka. Det var artig å lese om Lundekvam sin veg frå ei lita øy i Austevoll, via ein periode i Brann, og så over til ei lang og innhaldsrik karriere i Southampton. Her er det mykje å glede seg over, både av anekdoter og av høgdepunkt. Sjølv om landslagskarriera stogga på 40 kampar, så har han hatt ei proffkarriere som få andre norske fotballspelarar kan matche. Det er til dømes ikkje så mange andre som kan skilte med testimonial-kampar ved karriereslutt.

Boka er velskriva. Kapitla vekslar mellom forskjellige epoker i livet hans, men det er aldri vanskeleg å henge med på. Som krydder er det tatt med eit knippe bilete frå livet og karriera hans. Triveleg. På den minre trivelege sida; det kan ikkje ha vært lett å legge fram dei mørkaste sidene av livet sitt i eit bokmanuskript, men det virkar ikkje som om Lundekvam legg fingrane imellom her. All gørra kjem fram, utan at han legg skulda på nokon andre enn seg sjølv.

Takk, Lundekvam, for at du har latt lesaren kome nær innpå ei fantastisk fotballkarriere, og måtte du makte å halde styringa over livet vidare.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

TheaAnn ChristinPilarisKjerstiVigdis VoldCathrine PedersenHarald KTanteMamieSolveigTove Obrestad WøienAvaAnne Berit GrønbechMarianne  SkageAnne-Stine Ruud HusevågGrete AastorpMartinMorten BolstadJan-Olav SelforsHeidiEllen E. MartolIngeborg GPiippokattaLeseaaseTonje SivertsenJakob SæthreGro-Anita RoenKirsten LundAstrid Terese Bjorland SkjeggerudStig THanne Kvernmo RyeAndreas HesselbergToveBjørn SturødLogikaKaramasov11Agnete M. HafskjoldAkima MontgomeryTine SundalalpakkaAnniken LHeidi B