Etter 5 bøker med Joona Linna så er det ikkje til å unngå at ein har forventningar til at neste bok skal vere om lag over same lest som dei førre, og om lag like bra. Og denne boka, som der den 6. i serien, innfrir i så måte. Det er velskriven, lettlest og uhyggeleg.
Den svenske utanriksministeren blir myrda i sin eigen heim under ytterst kompromitterande omstende, han var nemleg i ferd med å mishandle ei prostituert jente på det grovaste før han sjølv blei eit offer. Her må det leggast lok på saka, og sjølv om Joona enno sit i fengsel så får han sjansen til å steppe inn i denne etterforskinga saman med partneren Saga Bauer. Som vanleg har etterforskarane lite å gå på, som vanleg blir det fleire drap, som vanleg er her også villspor, og som vanleg kjem sanninga for ein dag.
Ei av parallellhistoriene i boka er om den alkoholiserte TV-kokken Rex Müller, i det ytre ein suksessfull kjendis, men som er mislukka i det meste som ikkje dreier seg om å sjå bra ut på TV. Det å vere far for sonen sin, til dømes, er ikkje lett. Spesielt ikkje når sonen lever eit utagerande natteliv, og pleier intim omgang med ganske skumle typer. Men kva har desse to med drapsgåta til Joona & co å gjere, spør eg retorisk. Det tok ei stund før dette blir klart, men det blei ganske klart etter kvart.
Jaudå, dette er bra krim-handverk av Kepler-duoen nok ein gang. Historia er delt inn i korte kapittel, med hyppige sceneskifte (altså at ein vekslar mellom å følge ulike hendingar), og det er god oppbygging av spaning i forteljinga. Det er alltids ei og anna scena som kan virke litt overdriven eller på annan måte mindre truverdig, men dette er trass alt ingen dokumentar, det er underhaldning. Og eg let meg underhalde. Det er etter mitt syn ikkje den beste boka i serien om Joona Linna, men heilt OK likevel.