Jaudå, Johan Golden og Atle Antonsen er artige karar. Sidan eg så godt som aldri høyrer på radio (og det hjelp ikkje at makta prøver å tre DAB nedover øyrene på meg) så har eg ikkje noko forhold til radioprogrammet deira som denne boka er tufta på. Men eg tykkjer dette dykket inn i lokalavisjournalistikken sine raritetar er ein god ide. Det er klart at når ein har ei avis å fylle med stoff, og det er lite som skjer, så må ein vere litt kreativ. Og det er der mange døme på i boka.

Som i den førre boka over same lest, Statsråd vant spekeskinke, så leverer komikarduoen humoristiske kommentarar til dei enkelte avisoppslaga. Med fare for å virke hårsår, så kan det synest som om enkelte av kommentarane er farga av eit noko stereotypt bilete av distriktsnorge og folk som bur der. Men å spele på stereotypar eg også humor, så det får ein berre leve med.

Det ser ikkje ut for at det kjem fleire bøker i denne serien, og det kan hende det er nok med to. Men det skulle vere rom for fleire bøker, og med ein litt annan vri. For når ein ser på alle dei meiningslause overskriftene og nyhendesakene som florerer i nasjonale media så er det lov å lure på kva slags folkeferd vi eigentleg er som tilsynelatande er meir opptatt av sladder om C-kjendisar enn av statsbudsjett, utanrikspolitikk og andre naturkatastrofer. Så eg skulle frykteleg gjerne sett ei liknande bok med dette som utgangspunkt. Vi får sjå.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

EvaAlexandra Maria Gressum-KemppiBjørg  FrøysaaMorten BolstadHilde H HelsethMetteKirsten LundTove Obrestad WøienPer LundAnniken RøilIreneleserIngunnJRandiAEllen E. MartolBeathe SolbergEgil StangelandKristina Jernstrøm LyseboJulie StensethPiippokattaTom-Erik FallaTrude OmaBjørg Marit TinholtNicolai Alexander StyveKjerstiStian AxdalDaffy EnglundelmeEivind  VaksvikAstrid Terese Bjorland SkjeggerudMarianne MJan-Olav SelforsHilde Merete GjessingHeidi BAnne Berit GrønbechStig TSvein Erik Francke-EnersenTanteMamieBjørn SturødIngebjørgHeidi