Grei forteljing om nokre månadar i livet til ei tenåringsjente i ein drabantby i Oslo. Hovudpersonen Mariana fortel i første person. Det er ikkje urimeleg å anta at det finnest mykje av forfattaren Maria Na varro Skaranger i Mariana. Mykje av forteljinga kjennest truverdig, og sjølv om eg har vakse opp i ei tid, ein geografi og eit miljø som skiljer seg ganske mykje frå dette så gjeng det likevel an å finne att kjensla av å vere tenåring.

Språket Skaranger nyttar i boka har fått mykje ros. Det er munnleg, prega av slang, og av språkblomar som veks fram i innvandrarmiljø. For min del fungerte det ikkje så bra. Eg tykkjer ideen er god, men av ein eller annan grunn sat eg heile tida med kjensla av at desse språklege raritetane var litt for oppkonsturerte og tilgjorde. Dette trakk nok eit auge frå terningkastet eg gav til boka.

Eg reiknar med at eg ikkje høyrer til i dei fremste målgruppa for boka. Likevel var det grei og underhaldande lesing. Lettlest og kort, med andre ord lav risiko for å kaste bort tid dersom boka ikkje fell i smak. Eg ser at forfattaren er på trappene med ei ny bok, eg har ikkje funne ut noko meir om den men tittelen tyder i alle fall på at Skaranger beveger seg over i eit anna spor enn det frå debutboka. Skal bli spanande å sjå.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Astrid SæverhagenReidun SvensliHilde MjelvaConnieBjørn SturødTheaAvaHarald KBeathe Solbergandreas h. o.Ingrid HilmerIngvild SLise MuntheTonesen81Hilde Merete GjessingBjørg  FrøysaaHelge-Mikal HartvedtKirsten LundRune U. FurbergLilleviIngunn SCarine OlsrødTralteHanne Kvernmo RyeOleAlice NordliLene AndresenAmanda AJulie StensethSynnøve H HoelMarit AamdalMartinAkima MontgomeryMarit HåverstadmgeBertyKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer Smedaas