Denne fenga meg frå første side, og hadde det ikkje vore for dei siste tretti-førti sidene så ville boka fått full score. Eg likte med andre ord ikkje slutten ... men vegen fram til slutten, den elska eg! Slukte boka på to leseøkter ... og det er det sjeldent eg gjer (blir så trøyt i augene når eg leser lenge av gongen..).

Tom, ein populær og bestselgende forfattar, har gått på ein skikkeleg smell etter brudd med kjærasten. Han stenger seg sjølv inne, ignorerer alt og alle, og klarar heller ikkje å skrive. Den tredje og siste boka i trilogien kjem ikkje som avtalt og både forlag og fans er misnøgde. Skrivesperra er eit faktum og livet smiler rett og slett ikkje. Då hjelper det ikkje at agenten - og hans beste venn - roter det til for han reint økonomisk ... Så dukker ei jente opp heime hos Tom. Ei jente som viser seg å være ei av karakterane frå roman-serien hans... Og ho insisterer på at han må skrive ferdig boka. Ellers kjem ho ikkje til å overleve ...

Dette er ein absurd og sprø bok, samstundes som den inneheld nok kjensler og innhold til å engasjere meg. Den er både vittig og spennande. Ein slags komi-thriller! Nei, denne digga eg altså! Berre ikkje sluten ... Einaste negative eg har å seie er dette med slutten (eg ville ha ei anna slut...). Ellers er denne vellykka både mtp plott, karakterar, innhold, humor og spenning. Språket er også godt formulert og lettleselig.

Så ... les les les! Dette er ein skikkeleg "page turner".

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundMads Leonard HolvikRagnar TømmerstøBente L.HanneBeathe SolbergHarald KBenediktePerSpelemannEileen BørresenLailaMalinn HjortlandFindusAnniken RøilTove Obrestad WøienTine SundalTor-Arne JensenTorill RevheimDaffy EnglundEvaingar hDolly DuckTheaVannflaskeritaolineTore HalsaDemeterEgil StangelandIngvild SLars MæhlumHeidi BBPiippokattaBentesomniferumStig TCamillaPrunellaMarit MogstadsiljehusmorReidun Svensli