Katten (The Guest Cat) av Takashi Hiraide, denne har du kanskje på oversynet frå før? Sjølv likte eg den berre litt over middels godt, men det kan jo hende du liker den betre.

Kor stor rolle må katten ha i boka for at den tel med? I Veggen av Marlen Haushofer har hovudpersonen eit nært forhold til kattar ho tek hand om, men hunden og kyra som ho også har ansvar for tek nok meir plass i boka.

Og så har vi Mesteren og Margarita av Michail Bulgakov, då, der ein demon i katteham har ei vesentleg rolle.

Og så kom eg til å tenke på ei bok eg las i 7-8 årsalderen. Har ikkje sjans til å hugse på tittelen, men det var ein huskatt som havna på eventyr, trur den måtte vandre ganske langt for å finne tilbake til folka sine. Det var spesielt ei scene der ho møtte ei gaupe nattestid som gjorde inntrykk. Skikkeleg skummelt den gangen. Så dette avsnittet skriv eg nok mest i eit håp om at nokon andre hugsar på kva tittelen til boka er.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 3 svar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det kunne fort ha vært denne, eg bladde i den på nb, og Tom møter faktisk gauper. Men eg kjenner ikkje att scenene, så det må ha vært ei anna bok. Bladde også i Sølvfaks som Øystein tipsa om, stilen i denne minner meir om den boka eg meiner å hugse, men her er det så vidt eg kan sjå ikkje noko gaupe-møte.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Enig i din vurdering av «The guest cat». Grei bok, men ikke noe mer enn det. Både handling og språk kunne vært enda bedre. «Sølvfaks», som er nevnt et annet sted i tråden, kan jeg imidlertid gå god for.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

PirelliEster SSynnøve H HoelKorianderNinaHarald KChristofer GabrielsenNorahCarine OlsrødNtotheaAnniken RøilHeidiEirin EftevandReadninggirl30Bjørg RistvedtAnne-Stine Ruud HusevågMarenHilde H HelsethBård StøreDemeterPiippokattaIreneleserLilleviAnitaKirsten LundNicolai Alexander StyveLesevimsaEivind  VaksvikBritt ElinEgil StangelandAlice NordliPer Åge SerigstadsiljehusmorLene Nordahlingar hTone Maria JonassenSigrid Blytt TøsdalLars Johann MiljeAnita NessBeathe Solberg