Ser ikkje noko poeng i å seie så mykje om handlinga, sidan det allereide står litt om det her. Så eg vil nøye meg med å formulere nokre korte setningar om korleis eg opplevde boka og kvifor eg likte ho! Kort sagt handlar boka om attenårige Nella som vert gifta bort til handlesmannen Johannes. Når ho ankommer sitt nye heim for å ta fatt på sitt nye liv som hustru blir ingenting som ho såg for seg. Mannen er ikkje ein gong heime for å ta henne i mot. I staden for vert ho møtt av hans kjølige og avvisande syster; Marin, og husets to tjenare - Otto og Cornelia. Når mannen omsider kjem heim ser han så vidt på henne og viser ingen interesse av å ha ho der. Ho får sitt eige soverom og dei to har knapt kontakt med kverandre. Så byrjar ting å endre seg etter at Nella får bryllupsgåve frå Johannes - eit dokkehus som er ein kopi av huset ho bur i.
korleis eg opplevde boka:
- "Stemningsrik mystikk" beskriver kjensla eg sat med mens eg las.
- krevande og givande; Måten det fortelles på gjer at det - iallfall for min del - ikkje er å "berre" lese; her fins rom for tolkning, analyse og tenking. Der kor andre forfattare har ein tendens til å "overforklare", gjer Jessie Burton det motsatte. Ho forteller ikkje meir enn absolutt nødvendig. Eg måtte ofte lese enkelte setningar om igjen for å sjå om det fantest noko anna måte å tolke det på, og det gjorde det svært ofte.
kvifor eg likte ho:
- Dramatisk, fantastifult
- Ikkje forutsigbart
- originalt plott - ikkje noko eg har lese liknande av før
- ein masse lause tråder som ein kan finne samanheng mellom dersom ein gjer ein innsats for å leite
- rom for tolkning
Dette er definitivt ei bok eg kjem til å vurdere å lese om igjen om eit år eller to - rett og slett fordi eg ikkje kjende meg heilt "ferdig" med henne og føler at sjølv om eg fant mange koplingar så er det ein god del meir mellom linjene her som eg ikkje fanga opp.
Det betyr ikkje at boka er så veldig komplisert heller, altså - så ikkje la deg skremme va det. Eg meiner berre at denne boka kan lesast på fleire "nivå" - ein kan lese den heilt overfladisk for rein underhaldning, ein kan granske kvar ein setning og analysere seg gal, eller ja - boka er rett og slett DJUP.