Grei Trondheims-krim frå Jørgen Brekke denne gangen også. Og velkomponert, ikkje minst. Forfattaren er god til å porsjonere ut handlinga i høvelege doser, og dette med å fortelje langs ulike tidslinjer har han taket på.

Det er Odd Singsaker som er helten igjen. Historia denne gangen er kanskje litt mindre vidløftig enn i enkelte av dei andre bøkene, men likevel underhaldande nok. Singsaker og Felicia Stone skal på hyttetur, og skulle du sett, når dei kjem fram så heng der eit lik i taket. Parallelt så får ein historia om ei anna drapssak frå nokre år tilbake, der Singsaker var i ferd med å oppdage løysinga nett i det han blei innlagd med hjernesvulst. Og løysinga forsvann saman med svulsten.

Av andre ingrediensar så kan ein nemne ein professor som blir intim med ei av studinene sine, det er jo ei brennheit type problemstilling i desse meetoo-tider. Men vedkomande professor kunne kanskje skulde på at han blei forheksa, for jenta er nemleg aktiv i ein wicca-kult. Og dette med hekser og okkultisme får ganske mykje plass i boka.

Skulle Brekke finne på å gi ut fleire bøker om Odd Singsaker så har han ein sikker kjøpar i denne lesaren. Sidan eg har budd i Trondheim i mange år er det ekstra artig å lese desse bøkene. Og det er heller ingen ulempe at bøkene stort sett er gode. Køyr på, Brekke!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Hanne Kvernmo RyesomniferumSt. YngheadHarald KBente L.Egil StangelandKristine LouisesiljehusmorStig TTerje MathisenmgeRandiSraDevoralibrosTove Obrestad WøienDinaTine SundalKirsten LundCarine OlsrødReadninggirl30TanteMamieLilleviIvar SandGrete AastorpgretemorAlex NietoIngunn SBård StøreTonesen81PiippokattaDemeterVannflaskeBjørg RistvedtVanja SolemdalPirelliNikkaBjørg Marit TinholtEmil ChristiansenKjersti SAvaVibeke