Saramago stokkar om på bibelhistoria, legg til element ifrå gamle legender og ein god porsjon frå sin eigen fantasi, og skaper såleis ein slags parodi på delar av det gamle testamentet. Eller parodi er kanskje ikkje det rette begrepet.

Det startar med Adam og Eva og syndefallet, sjølvsagt med ein eigen vri, men det er Kain som blir den berande figuren i forteljinga. Etter brodermordet og eit opphald i landet Nod får han tak i eit esel som på forunderleg vis tek han med til ulike gamaltestamentlege scener. Det heile kuliminerer med ei uvanleg syndig syndeflod.

Ein kan lese boka som ei lang anklage mot ein hard og nådelaus Gud. Mange av scenene som er henta frå det gamle testamentet er valt ut for å gi eksempel på grusome og urettvise straffedomar frå Herren. Kain er, med få unntak, ingen helt eller på annan måte noko moralsk førebilete, men han gjeng i rette med Gud og stiller spørsmål ved dømekrafta hans. Ein bommar vel ikkje så fælt om ein foreslår at Kain er forfattaren sitt talerør i denne boka?

Saramago virkar å ha sin eigen vri på det meste, også rettskrivingsreglar. Spesielt dette med komma, punktum og stor bokstav er noko annleis enn det ein er vant til, men det er system i galskapen og når ein først har vent seg til det så var det ikkje særleg forstyrrande for lesinga. Vi var fleire som las denne saman, som eit slags sommarinterludium med deltakarar frå Lesesirkelen av 2014. Det virka som om dei fleste, meg sjølv inkludert, tykte det var bryet verdt å lese igjennom boka og diskutere innhaldet.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

IngunnJDiddiHanne Kvernmo RyeIngeborg GCecilie EllefsenTone HHarald KLinda PaulsenNils PharoKirsten LundTorill RevheimHeleneÅsmund ÅdnøyHenrik  Holtvedt AndersenritaolineToveLinda NyrudBirkaAnne-Stine Ruud HusevågPiippokattaNicolai Alexander StyveLailaBjørn BakkenBård StøresiljehusmorAkima MontgomeryBeathe SolbergKjerstiHilde Merete GjessingEster STorAmanda ALilleviFrisk NordvestAnn-Kristin RobstadJMerethe SolstadMorten MüllerEllen E. MartolGro-Anita RoenBenedikte