Denne boka las eg, og var helt oppslukt av, som liten. Skal tru om det var ei av GGG-bøkene? Boka hadde eg arva, og gjekk vidare i arv til yngre slektningar, eg anar ikkje kvar den er no. Då eg ved ei tilfeldigheit oppdaga at den var tilgjengeleg som gratis lydbok på Loyalbooks var vegen kort (40cm med USB-kabel, for å vere nøyaktig) til lydbokbiblioteket på telefonen. Noko eg ikkje beit meg merke i medan eg var liten var forfattaren. Det er Frances Hodgson Burnett, som er mest kjend for bøkene Den hemmelige hagen og Lille lord Fauntelroy.

I The Lost Prince møter vi Marco Loristan, sonen til ein politisk flyktning frå Samavia. For den som ikkje veit kvar Samavia er, så ligg det nord for Beltrazo og austanfor Jiardasia. Marco, faren og ein tenar har nyleg kome til London frå Russland, og før det har dei flakka rundt i mange europeiske land. Dei er fattige, og har funne seg husrom i eit heller vesalt strok av London. Her møter Marco ein gjeng med jevnaldrande gutar, leia av krøplingen «Rotta» som drøymer om å bli general og som er særs opptatt av den fæle borgarkrigen i Samavia som avisene rapporterer om for tida.

Dette er opptakta til ei spanande og innhaldsrik historie, passe skummel for ein 10-åring og for ein 51-åring så er det framleis bryet verdt å høyre den. Ikkje minst det at hovudpersonane Marco og Rotta legg ut på ei farefull reise utan at nokon vaksne var med var noko som gjorde inntrykk den gangen. For meg så var det sjølvsagt ein sterk nostalgisk verdi i å høyre opp att denne historia, men eg trur nok den vil kunne fenge vaksne førstegangslesarar også. I allefall enkelte.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Ååå, - det fikk meg til å tenke på enda en av F.H. Burnetts bøker, En liten prinsesse, - hun hadde tydeligvis en til hvert av kjønnene :-) Jeg har nok ikke gjenlest den, men husker den med stor glede, - og særlig forsiden av GGP-utgaven med denne stakkars fattige prinsessen som satt ved vinduet i et loftkammer og så utover Londons tak!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Ingvild STone SundlandStine SevilhaugMonaBLVariosaHarald KTorFlettietteMonica CarlsenHilde Merete GjessingReadninggirl30DemeterPacosiljehusmorgretemorBjørg RistvedtHilde H HelsethStig TJarleLeseberta_23BenedikteHelena EGrete AastorpEileen BørresensomniferumLisbeth Marie UvaagTone HGrete AmundsenAnne-Stine Ruud HusevågKristina Jernstrøm LyseboritaolineKirsten LundCecilie MLailaHeleneEgil StangelandLene AndresenMorten MüllerGodemineHilde Vrangsagen