Verda har kanskje gått under, det er ikkje godt å seie. Uansett så er hovudpersonen, medan ho er på hyttetur, blitt fråskilt frå resten av verda av ein usynleg vegg og på utsida av veggen virkar det som om all aktivitet har gått i stå. Boka dveler ikkje ved, eller spekulerer i, kva som kan ha skjedd, men fortel om korleis hovudpersonen omstiller seg frå eit konsument-liv i øvre middelklasse til å skulle greie seg på eiga hand ute i skogen. Litt som Robinson Crusoe.

Det kan høyrast ut som eit litt dafft plott, men det er meisterleg gjennomført. Dama hadde med seg ein hund på hytta, og får etter kvart også selskap av ein katt og ei ku. Ho grev seg ikkje ned i tankar om kva som har skjedd utanfor veggen, men fokuserer på kva ho må gjere for å overleve innanfor. Det kan virke som om drivkrafta hennar rett og slett er omsorg for dyra.

Nøkternt sett kan ein kanskje seie at dette er ei handbok i sjølvberging i tempererte strok, men den er mykje meir enn det. Det er også ei stillferdig og flott skildring av samspelet mellom natur, dyr og menneske, eit truverdig innblikk sinnet til ei isolert middelaldrande dame og ei vakker historie om sjølvrealisering. Sjølvrealisering? Innanfor ramene som lagnaden har gitt henne må ein vel seie at dama har funne ein indre styrke til å meistre situasjonen, eg fann ikkje noko betre ord i farta enn sjølvrealisering.

Eg las denne saman med den dystopiske lesesirkelen, det virka om om dei fleste av dei andre også var begeistra for denne boka.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Ina Elisabeth Bøgh VigreSolveigLilleviTone HJulie StensethHarald KEster STonesen81Mads Leonard HolvikHegePiippokattaAnne Zooey LindMonaBLsveinBjørg L.littymseKaramasov11WencheIngunn STone Maria JonassenNicolai Alexander StyveGro-Anita RoenTanteMamieTor-Arne JensenGodeminelillianerAneEllen E. MartolEivind  VaksvikAlice NordliOda Marie HToveHelena EGrete AastorpJarmo LarsenMonica  SkybakmoenPilarisKjerstiTine SundalNora FjelliLinda Nyrud