Paralellhistorie kor vi veksler mellom å følgje ballerina Emma i notid og Beattie i fortid (starten av 1900-talet). Beattie blir gravid utan å være gift og rømmer saman med barnefaren til Australia for p starte eit nytt og betre liv det. Emmas karriere får ein brå slut då ho skadar seg. Kort tid etter skaden reiser ho tilbake til heimlandet sitt - Sydney i Australia. Heime igjen får ho via arven frå bestemora vekka interessen for bestemoras fortid og ho begynner å grave i bestemoras fortid. Gjennom denne gravinga finner vi linken mellom Beattie og Emma.
Kom halvvegs før eg gav denne opp. Klisjerik, forutsigbar, treig ... nei, eg klarte verkeleg ikkje å la meg rive med, dessverre! Langdryg var ho også, med ein -etter min smak - altfor stor bruk av adjektiver og skildringar som ikkje tilførte historia noko som helst. Setningar som "hun hadde på seg jeans og en blå tskjorte" gjer ingen verdi til fortellinga og har ingen relevans til handlinga, ig nettopp denne type skildringar er boka stappa full av. Syntes også at replikkane ofte framsto som kunstige og litt stive, særleg når dei tilhøyrte småbarn. Hugser ikkje nøyaktig kva setninga var, men noko a la "denne dokka skal jeg elske for evig og alltid" samt ein rekke liknande utsagn blir ytra av ei lita jente på tre år ... og det blir berre ikkje truverdig. Ville så gjerne like denne boka, og trudde den skulle overraske positivt då eg såg kor velomtalt den er, både her og på goodreads.com