Etter å ha slukt den første boka om Gunnar Barbarotti var eg ikkje eit sekund i tvil om at eg ville lese meir av Nesser og gleda var derfor stor då eg fant ut at det var fleire bøker om same etterforskar. For ikkje berre er Gunnar Barbarotti ein svært likandes karakter, plottet er sterkt, karakterane truverdige, historia er blotta for klisjéar, og ulikt mange andre krimbøker opplever eg at Nessers skrivestil faller veldig i smak hos meg. Han meistrer kunsten med å formidle mykje på få ord. Han skriver tydeleg og utan unødige skildringar. Spenninga og alvoret står ikkje i vegen for at det også finst humor her. Humor som ikkje er "kunstig" eller "tvungen" fram ... OG eg diggar det faktum at Barbarotti er ein politimann utan tydelege "problem" slik som dei aller fleste andre hovedpersoner i slike krimserier har (alkoholisme, ein traumatisk oppvekst, osv...). Han har meir enn nok å stri med - iallfall i denne boka - men det blir ikkje klisjéfylt og "oppbrukt".
Kjem definitivt til å lese meir av Nesser: Endeleg ein forfattar som både evner å skrive god krim OG det med god litterær kvalitet. For min del er det også eit stort pluss at verken tidslinje eller karakterer går i surr - for det har eg ofte slitt med i andre krimbøker og serier; at det blir for mykje fram og tilbake i tid, og at det generelt er altfor mange namn og halde styr på. Det har eg ikkje ein gong behøvd å tenkje på undervegs her.

Kort om handlinga:
Frankrike 2002: 6 svensker - 2 kjærestepar, og to menn - treffer kvarandre på ferie i Frankrike. Då dei er frå omtrent samme plass i Sverige knyter dei eit slags band seg i mellom og brukar ein del tid saman på denne ferien

Sverige 2007:
På veg ut døra på sommarferie finner Gunnar Barbarotti eit brev. Då han etter nokre dagar åpnar brevet tar ferien brått slut - for på brevet står det at nokon (med namn som eg ikkje skal avsløre) kjem til å bli drept med mindre Barbarotti er i stand til å stanse mordaren. Og sant nok - kort tid seinare er personen død. Og det stansar ikkje der. Ein etter ein blir svenskene frå Frankrike-turen nevnt i kvar sine brev og fleire av dei vert myrda. Men av kven? Kven er mordaren? Og kvifor drep han? Og ikkje minst - kvifor er det nettopp Gunnar Barbarotti som er mottakar av breva?
Samstundes med etterforskninga er det andre ting også som preger livet til Gunnar - kjærasten Marianne som han ønskjer å se meir til, og dottera som nyleg har flytta ut...

Boka veksler mellom å fortelle om sommaren 2002 via "eg"-personen til ein av dei seks svenskene og etterforskningen i 2007 kor Barbarotti er houvedpersonen. 2002-delene er realtivt korte, og godt plassert i plottet slik at det på ingen måte er uvoersiktelig eller forvirrande.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg  FrøysaaHelge-Mikal HartvedtKirsten LundHarald KRune U. FurbergLilleviIngunn SBjørn SturødCarine OlsrødTralteHanne Kvernmo RyeOleBeathe SolbergAlice NordliLene AndresenAmanda AJulie StensethSynnøve H HoelMarit AamdalMartinAkima MontgomeryMarit HåverstadAvamgeBertyKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandPi_MesonStig TAne