Det er no over eit år sidan eg las denne boka, og den sit framleis godt igjen inni meg. Av dei femti bøkene eg las i fjor er det denne eg hugser best og som eg framleis tenker tilbake på i ettertid. Den var sår og fin, full av kjensler. Vi følgjer houvedpersonen, som også er forfattaren, gjennom oppveksten med to stykk foreldre av ein sjeldan sort. Alkoholproblem, avhengighet, arbeidsledighet, kriminalitet og fattigdom preger den vesle familien i stor grad. Dei flyttar frå plass til plass, dei har oppturar som gjer borna håp og påfølgande nedturar som knekker dei. Vi får sjå korleis forholda mellom karakterane utveklar seg etterkvart som hovedpersonen vert eldre og skjøner meir av kva foreldrene faktisk driv på med. Til tross for alt det vonde og for sinnet og skammen knytta til familien sin, er det utan tvil enormt mykje kjærleik også her. Nei ... dette er rett og slett ei bok som berre må lesast!! Den er basert på ein sann historie, og det merkes! Enkelte av situasjonane er såpass absurde at det neppe ville kunne blitt dikta opp av sjølv den mest kreative personen,

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

BertyEllen E. MartolAnniken LMarianne  SkageEgil StangelandAmanda AKirsten LundNabodamaPer LundMarit HøvdePiippokattaTerje MathisenBjørn SturødBård StøreIreneleserEivind  VaksvikKaramasov11JoakimMorten BolstadKjell F Tislevollingar hHeidi LBjørg L.Linda NyrudAnneWangJulie StensethLilleviAstrid Terese Bjorland SkjeggerudDemeterOdd HebækAnn-ElinHelena EAnniken RøilAvaChristofferBenedikteTralteMorten MüllerEvaMonica Carlsen