Ei merkeleg bok, både lita og stor på ein gang. Handlinga er lagt til slutten av 1400-talet og første halvdelen av 1500-talet, og dreier seg stort sett om Mikkel Thøgesen. Lesaren møter Mikkel først som måteleg entusiastisk student, og seinare som soldat under Christian II av Danmark. Dette er ein ganske dramatisk epoke i Danmark sin historie, men boka tek ikkje mål av seg til å forklare eller greie ut om dei historiske hendingane, det er heller slik at ein oftast berre anar omrisset av dei, men ein får også enkelte eksplisitte hendingar på nært hald.

Det verkeleg storarta med boka er språket. Enkelte av skildringane har ein kraft og ein poesi over seg om naglar lesaren fast i boksidene. Der er mange originale språklege bilete, og Jensen gjev også naturen og landskapet til viktige element i forteljinga. For ikkje å snakke om dei meir groteske skildringane, ein kan jammen begynne å lure på om det er mogleg å skildre desse så detaljert utan å ha vært vitne til liknande hendingar sjølv.

Sjølve hovudpersonen var det smått vanskeleg å få tak på. Mikkel er korkje helt eller anti-helt, han let seg nærmast kvervle av garde i dei historiske hendingane utan mål eler vilje. Det einaste som gjev han ei viss retning i livet er viljen til å tene kongen sin, uansett korleis det gjeng med monarken.

Eg vegrar meg for å spekulere i kva Jensen kan ha prøvd å fomidle med denne boka, utover det å nytte historiske kulissar til å skape ei god forteljing. Det klarte han i alle fall, boka fall godt i smak hjå denne lesaren. Eg las den saman med gretemor sin lesesirkel, det virka som om dei fleste av dei andre deltakarane også var begeistra for boka.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Berit B LieKirsten LundStig TMads Leonard HolvikHarald KKine Selbekk OttersenMcHempettIngunn SLailaVioleta JakobsenAndreas BokleserPi_MesonBenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingAmanda AHanne Kvernmo RyeEgil StangelandReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnie