Har "Tatt av vinden" blitt omtalt på bokelskere?
På forhånd takk!
Viser 3 svar.
Hva er best av "Tatt av vinden" og "Anna Karenina"?
I følge bokelskere.no så er det Tatt av vinden, som har gjennomsnittleg terningkast 5,06, mot 5,00 for Anna Karenina.
Så har vi det pussige faktum at både Tatt av vinden og Anna Karenina i tillegg har kome ut som 2-bindsutgåver. Og for 2-bindsutgåvene så har Anna Karenina fått vesentleg høgare snitterningkast (5,25 og 5,12) enn Tatt av vinden (4,81 og 4,93).
Hadde eg vært deg, ville eg ha heilgardert og satsa på å lese begge to.
Ja. Så spørs det kva du legg i begrepet "omtalt", det er ikkje sikkert du finn nokon grundige analyser dersom det er det du er ute etter.
Har du t.d. prøvd å søke opp boka og sjå etter omtaler på boksida/boksidene?
Hvis ja ignorer neste avsnitt, hvis nei les i vei:
Dersom ein søker opp "Tatt av vinden" på bokelskere (skrive inn i søkefeltet langt oppe på sida, trykke på knappen "Finn en bok"), så får ein opp treff på Tatt av vinden, Tatt av vinden Bd.1 og Tatt av vinden Bd.2. For dei to første av desse treffa så ligg der korte omtaler på dei respektive boksidene (sjekk også under overskrifta "Diskusjoner om boka").
Søket "Gone with the wind" gjev i tillegg treff på eit knippe med engelskspråklege utgåver av boka, men så langt eg kan sjå er det ingen som har lagt ut nokon omtaler for desse.
I tilleg så fann eg denne diskusjonstråden om boka ved å søke i diskusjonstrådane her inne.
Eg vonar noko av dette kan vere til ei viss hjelp.