Brukbar krimbok, med ein slags religiøs inspirasjon til plottet. Sonny (som er «Sønnen») er profesjonell syndebukk, i den forstand at han soner fengselsstraffer for andre sine brotsverk. Han er også, trass tung sjølvmedisinering med opiat, eller kanskje nettopp derfor, blitt ein slags skriftefar for dei innsatte i fengselet. Men ein dag får han vite av ein av dei skriftande at faren hans, som var politimann, slett ikkje var ein korrupt feiging som tok livet sitt slik Sonny har trudd, men tvert om at han blei drepen fordi han var på sporet av dei som egentlig var korrupte. Dermed må Sonny, den rusa, milde frelsaren gjere seg om til Sonny, den nyktre, strenge hevnaren. Men først må han kome seg ut av fengselet.

Det er ikkje alt som skjer som er like truverdig. Men dersom ein klarer å unngå å irritere seg over slike detaljar, så er det ei spanande og leseverdig historie. Det er mange som har grunn til å frykte Sonny, både innan forbrytarverda og innan politi- og rettsvesenet. Derfor er både politi og røvarar oppsatt på å få tak i guten. Men han har gøymt seg godt. Dessutan får han hjelp av ei dame, og sidan boka har så tydelege bibelreferanser så burde ho kanskje heite Maria. Men nei, ho heiter Martha. Som i søstera til Lasarus. Hmm.

Ein må også nemne politietterforskaren Simon (bibelske namn i fleng) Kefas, som var besteven med faren til Sonny, og som blir satt på ei drapssak som viser seg å ha ein viss tilknytning til Sonny. Det blir etter kvart mange drapssaker, og Simon blir sett på harde moralske prøver undervegs. Dessutan ber han på ein løyndom.

Stemninga i boka minner på mange måter om Harry Hole-bøkene. Der er levande miljøskildringar frå Oslo, og ein møter personar både på skuggesida av livet og i høge offentlege posisjonar. Eg kjenner meg derfor ganske viss på at dei som liker Harry Hole-bøkene også vil like denne.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg  FrøysaaHeidi HoltanBente L.Ellen E. MartolKrishHanneTine VictoriaKine Selbekk OttersenPiippokattaHeidiLinda NyrudTheaIngvild STone SundlandStine SevilhaugMonaBLVariosaHarald KTorFlettietteMonica CarlsenHilde Merete GjessingReadninggirl30DemeterPacosiljehusmorgretemorBjørg RistvedtHilde H HelsethStig TJarleLeseberta_23BenedikteHelena EGrete AastorpEileen BørresensomniferumLisbeth Marie UvaagTone HGrete Amundsen