Vi er i Trondheim i 1769. Politimeisteren Nils Bayer får ei drapssak i hendene, ei ung jente er funne myrda i skogen. Samstundes har byen sin tidlegare lege, Fredriki, som blei tvinga til å reise frå byen, kome attende med ein mystisk søvngjengar i eit kabinett. Er det ein samanheng her? Det hastar med å finne ut av det, for snart blir det fleire mord.

Brekke gjer ein fabelaktig jobb i å formidle ei truverdig skildring av bymiljøet på 1700-talet. Det sparast ikkje på skildringar av vemmelege og uhygiensike detaljar. I eit etterord gjer han nøye greie for kva for stadar og personar som er autentiske, og kva som er oppdikta. Og t.d. ein oppdikta person som Søren Engel er tydeleg modellert etter den historiske Thomas Angell.

Sjølve plottet i boka er heller ikkje så verst. Ting blir avslørt i passe tempo, og det tok ganske lang tid før i alle fall denne lesaren forstod kven som var mordaren. Greit krim-handtverk, men med eit minus for ei scene mot slutten som blir litt for usannsynleg i mine auge. Det å påstå at Bayer er ein sjarmerande helt er kanskje å gå litt for langt, men det går i allefall an å kjenne sympati for mannen.

Slutten av boka kan tyde på at Brekke ikkje har planar om fleire forteljingar om Nils Bayer. Men det er aldri godt å vite. Det som i alle fall er heilt sikkert er at eg ikkje er ferdig med Jørgen Brekke, han har kome med ei ny bok etter denne, Paradisplaneten, som eg kjem til å lese, og finn han ut at han skal skrive enno fleire så les eg sikkert desse også. Eg liker meg nemlig særs godt i Brekke sine Trondheims-bøker.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Hilde H HelsethPiippokattaAnneWangCecilie EllefsenritaolineLena Risvik PaulsenRisRosOgKlagingIngunn SEivind  VaksvikRufsetufsaTorill RevheimHarald KVegardKirsten LundSigrid Blytt TøsdalSynnøve H HoelLene AndresenMorten JensenJarmo LarsenAnne Helene MoeSolveigLilleviKjerstiReidun SvensliMathiasMarenIngunn ØvrebøJulie StensethVibekeKari FredriksenTore HalsaAnne-Stine Ruud HusevågDemeterToveBertyAkima MontgomeryFrode Øglænd  MalminAud Merete RambølSol SkipnesJoakim